Magnus Aaning Buntemeyer er ny politikontakt for Haram kommune
Han begynte i stillinga som politikontakt og førebyggjar i januar i år.

Magnus Aaning Buntemeyer
Foto: Privat.
Magnus Aaning Buntemeyer har tidlegare jobba som etterforskar ved Ålesund politistasjon og Nordre Sunnmøre politistasjon i Haram kommune. I den nye stillinga som politikontakt og førebyggjar har han særleg fokus på at samarbeidet mellom politiet, kommunen og lokale aktørar framleis sikrar at Haram kommune er ei trygg og god kommune å bu i.
Han ønskjer også å sikre at barn og unge har gode oppvekstvilkår i kommunen. Det ønskjer han å oppnå ved å ha tydeleg og god dialog med foreldre og føresette, og eit tett og godt samarbeid med SLT-koordinatoren i kommunen og andre samarbeidspartar.
– Foreldre er barn og unge sine primærførebyggjarar og dei som er tettast på sine eigne barn. Sjølv om dei snakkar med, og er saman med ungdommane sine kvar dag, manglar dei gjerne kunnskap om aktuelle trendar, utfordringar og kva som generelt skjer i ungdomsmiljøa. I samarbeid med kommunen ønskjer politiet å leggje til rette for at foreldre får den nødvendige kunnskapen dei treng for å kunne følgje med, og ha gode og viktige samtalar med barna sine. Vi må spele kvarandre gode - ungdommen fortener det.
Samarbeidet mellom politiet og kommunen skal kome innbyggjarane til gode, særleg sårbare og utsette grupper. Saman med kommunen ønskjer han å finne tiltak som førebygg og kjempar mot kriminalitet.
– Ved å dele kunnskap som politiet har om kriminalitet står vi saman sterkare i det førebyggjande arbeidet. Det er viktig for meg å vere tett på, og eg har som mål at eg skal vere ei synleg politikontakt. Eg ønskjer å gjere mitt ytste for å sikre at Haram kommune framleis er ein god kommune for innbyggjarane å bu og vakse opp i, seier han.