Ny seksjonsleiar for forvaltning og sivil rettspleie ved Molde politistasjon, Øystein Flovik.
Ny seksjonsleiar for forvaltning og sivil rettspleie ved Molde politistasjon, Øystein Flovik.

Øystein har ein allsidig bakgrunn, er og opphaveleg utdanna fengselsbetjent. Han jobba fem år i Ringerike fengsel før han i 2012 flytta til Romsdalen og starta som pedagogisk leiar i ein barnehage. Deretter gjekk vegen via barnevernet til NAV, før han dreiv gard ei periode. Garden er framleis bustaden til Øystein, men drifta har vore overlate til naboen sidan Øystein skifta kurs til politiet i starten av 2023.

Den raude tråden i karrieren til Øystein er eit ønske om utgjere ein forskjell og bidra positivt til samfunnet, og han er sitt nye ansvar svært bevisst.

– Mi erfaring er at møter du nokon på ein ordentleg måte får du det same tilbake, og det har ingenting for seg å kome med peikefingeren eller moralisere. Eg møter mange menneske i ein sårbar situasjon, dei er ofte skamfulle og gruar seg til møtet med namsfogd og politi. Då er det mi oppgåve å møte folk på ein måte som gjer at dei kjenner seg sett og høyrt, seier Øystein.

Både i den noverande rolla og gjennom tida i NAV har Øystein møtt mange med betalings- og gjeldsproblem, og har erfart at det absolutt finst håp og hjelp å få.

– Det er heilt ufarleg å kontakte oss for å få råd, vi kan hjelpe deg i gang med gjeldsordning og har også fast kontakt opp mot gjeldsrådgivarnettverket i NAV. Her skal alle bli møtt med respekt, seier Øystein.

 

Øystein Flovik tok over seksjonsleiarrolla 1. mars 2024, etter å ha vore både rådgjevar og fungerande leiar for seksjonen sidan januar 2023. Han vil ha sin arbeidsplass på Molde politistasjon.