Politiet har gjennomgått store mengder videobevis av valdshendingane som fant stad i Molde laurdag 11. mai. Etterforskinga er i ei innleiande fase og det står att fleire avhøyr og taktiske og tekniske etterforskingsskritt. Det er hittil oppretta fire saker, og politiet undersøker om det kan ha skjedd fleire valdshendingar.

Ut ifrå den informasjonen politiet har, er to av dei fornærma mindreårige, og det er også mindreårige i direkte nærleik til ein eller fleire av valdshendingane. Informasjonen politiet har tilgjengeleg tydar på at gjerningspersonane i sakene politiet etterforskar er RBK-supporterar. Foranledninga til hendingane er noko av det politiet søker å avklare gjennom etterforskinga.

      I lys av hendingane i Molde i helga, vil vi gi eit tydeleg signal om at dette ikkje er akseptabelt. No etterforskar vi valdshendingane for å sørge for at handlingane får konsekvensar. Vi forventar at det vi ser på som ei negativ utvikling i enkelte supportermiljø, blir tatt tak i av fotballmiljøa sjølve. Det kan ikkje vere slik at når det vert arrangert fotballkampar, skal publikum kjenne på frykt for å bli utsett for vald og sjikane, seier seksjonsleiar for etterretning, førebygging og etterforsking ved Molde politistasjon, Mona Kvernberg.

 

Gjennomførte risikovurdering og dialogmøte i forkant av kampen

Politiet gjennomførte ei risikovurdering i forkant av kampen mellom Molde og Rosenborg basert på etterretningsinformasjon og erfaringar frå tidlegare år, og satt inn ressursar utifrå tilgjengeleg informasjon. Politiet har også hatt ein god dialog med fotballklubbane i mange år, og det blei i forkant av kampen gjennomført møte med representantar frå politiet i Molde og Trondheim, MFK, RBK og deira supporter-liaisonar. I møtet la politiet fram sikkerheitstiltak for kampdagen, mellom anna ei fastsett marsrute som unngjekk treffpunkt mellom supporterane i byen, og diskuterte potensielle uønskte hendingar basert på tidlegare erfaringar, både i Molde og i landet elles.

      Vi opplevde dialogen som god og at vi hadde eit gjensidig ønske om at arrangementet skulle gå roleg føre seg, seier Mona Kvernberg.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670 / kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no