Åtvarar mot SMS-svindel
Politiet i Møre og Romsdal åtvarar i dag om utsending av tekstmeldingar som ser ut til å vere frå politiet ved namsmannen.
I meldingane står det at ein har mottatt eit brev i ei utleggssak, spesifikt frå namsmannen, og at det hastar å følgje lenka og betale for å unngå gebyr.
Fleire av dei som har mottatt tekstmeldinga og som teke kontakt med politiet i dag er i den godt vaksne og eldre aldersgruppa av innbyggarane våre, så det er tydeleg at dei målretta prøver å nå dei.
- Dette er svindel. Ikkje svar på meldinga, og ikkje trykk på lenka, er den klare beskjeden frå oss i politiet, seier kommunikasjonsdirektør i Møre og Romsdal politidistrikt Iselin Nevstad Øvrelid.