Dersom det kjem gjestar som har krav på beskyttelse, er politiet si rolle å sikre og beskytte deira deltaking på arrangementet slik at dei får ei trygg og god oppleving denne helga.

– Vidare betyr det at politiet sitt oppdrag vert knytt til ei eventuell bistandsanmodning om beskyttelse av gjestar. Ei slik bistandsanmodning har ikkje politiet i Møre og Romsdal mottatt per i dag, kommenterer stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Kenneth Sætre.

Det ligg i rammene for arrangementet at det kan vere sannsynleg at det kjem gjestar som politiet har arbeidsoppgåver knytt til. Derfor har vi planlagt tiltak utifrå sannsynlegheit og ikkje bekrefta oppdrag. Det betyr at oppdraget til politiet vil vere dynamisk og då følgeleg endre seg undervegs.

– Vi kjem ikkje til å kommentere arrangementet eller eventuelle gjestar. Vi understrekar som vi har gjort fleire gongar; dette er eit privat arrangement. Det betyr at informasjonen rundt arrangementet må ein få via arrangør, legg Sætre til.

Planlegging

Møre og Romsdal politidistrikt er i løpande planlegging på politiet sitt nærvær denne helga, og planlegg oppdraget med eigne ressursar. I eit slikt oppdrag som dette er det naturleg å også samarbeide med andre politiressursar. Heilt spesifikt gjeld dette rådgjeving ved nasjonale bistandsressursar og bistand frå Oslo politidistrikt til trafikkteneste (MC) som politidistriktet ikkje har sjølve. Politidistriktet har også bedt Kystvakta om bistand dersom vi skulle få arbeidsoppgåver på sjøen denne helga. Det har dei stilt seg positive til.

– Vi har mykje god kompetanse i politidistriktet. Den rådgjevinga vi her viser til er ein del av sikringstiltaka som vi ikkje kan gå nærmare innpå, kommenterer Kenneth Sætre.

Den planlegginga politidistriktet har politidistriktet har gjort fram til no er ikkje endeleg sidan ein ikkje veit omfanget av politiet sitt oppdrag.

– Årsaka til at vi er tidleg ute med planlegginga og ressursuttak er fordi vi skal sikre oss at vi har nok kapasitet til å ivareta nødvendig beredskap i heile politidistriktet. Innbyggarane i Møre og Romsdal vil få den same beredskapen lokalt som dei har elles, forsikrar Sætre.

Kostnadar og finansiering

Kostnadar rundt politiet sitt oppdrag vert dekt av politidistriktet sjølve. Sikkerheit utover politiressursar blir eventuelt dekt av arrangør. På bakgrunn av at dette er eit ekstraordinært oppdrag for politiet, har Møre og Romsdal politidistrikt stilt spørsmålet til Politidirektoratet om ei sentral finansiering på politiet sitt oppdrag er mogleg.

– Det er ikkje mogleg å talfeste kostnadane rundt politiet sitt oppdrag då vi ikkje veit omfanget av dette enno, seier Kenneth Sætre.

Moglege restriksjonar luft og trafikk

Det er søkt om luftromsrestriksjonar fredag 30. august frå kl. 06:00 og fram til natt til måndag 2. september for Geiranger sentrum. Bakgrunnen for søknaden er at politiet av sikkerheitsmessige omsyn vil ha kontroll på helikopter-, småfly- og droneaktivitet over området dersom vi ser behovet for det. Vi har enno ikkje fått endeleg svar på denne søknaden.

Fylkesveg 63 gjennom Geiranger sentrum og nærområdet er open for trafikk, men kan bli stengt eller regulert på kort varsel grunna kapasitet på vegnettet. Det kan bli redusert framkomst i sentrum og nærområdet i kortare periodar.

– Restriksjonar utover dette har førebels ikkje vore vurdert. Vi tilrår privatpersonar om å nytte kollektivtransport til lands og til sjøs denne helga. Vi forventar at det blir mykje folk i Geiranger desse dagane. Det ligg også til politiet sine generelle arbeidsoppgåver å ivareta orden- og trafikkteneste. Når vi då seier at vi forventar mykje folk i Geiranger, betyr det at vi også vil vere til stades for å løyse slike utfordringar som kan oppstå, avsluttar stabssjef Kenneth Sætre.

Spørsmål utover pressemeldinga

Bryllaupet er eit privat arrangement og arrangør ved Carina Scheele Carlsen er rett kontaktpunkt for spørsmål om arrangementet. 

Føringane for politiet sitt oppdrag er avhengig av bistandsanmodninga som vi enno ikkje har motteke. Vi vurderer det derfor slik at det ikkje er rett å stille til intervju om politiet sitt oppdrag før denne er formalisert.

Vi har forståing for at media ønskjer informasjon og det skal vi bidra til når vi har detaljar på plass. Dette er avhengig av når arrangør går ut med informasjon knytt til arrangementet og gjestar.

Vi vil stille oss disponible til intervju når vi har mottatt endeleg oppdrag.