Hald heimen sikra i sommar
Politiet kjem med ei påminning til alle som skal reise bort på ferie om å sikre heimane sine for å minimere sjansen for innbrot i sommar.
Mange er bortreiste i sommar, noko som medfører auka risiko for innbrot i både heim, fritidseigedom og båt. Det er lurt å ta ned risikoen og sikre heim og eigedom på best mogleg måte før avreise.
Alle som er bortreiste bør låse dører og lukke alle vindauge, i tillegg til å rydde vekk synlege verdigjenstandar. Det er også lurt å sikre båt og båtutstyr før du reiser bort. Eit anna råd er å unngå at heimen ser forlaten ut sjølv om du er på ferie.
– Allier deg med naboen og hald eit auge med nabolaget ditt i sommar. Sjå etter gjenstandar som ikkje høyrer heime utanfor huset, og som kan fungere som "merking" for innbrotstjuvar. Om gjenstandane ikkje blir fjerna antek tjuvane at ingen er heime. Meld alltid frå til politiet om du legg merke til mistenkeleg åtferd på eigedomen din, hos naboen og i nabolaget, seier Thorry Aakenes, driftseiningsleiar for Nordmøre og Romsdal og politistasjonssjef ved Kristiansund politistasjon.