Vil du bli dommar i forliksrådet i Ålesund og omland i perioden 2025-2028?
Vi søker motiverte medlemmar og varamedlemmar til forliksrådet for perioden 2025-2028. Vi ønsker at aktuelle kandidatar meldar si interesse slik at kommunane får eit best mogleg grunnlag til å avgjere korleis forliksrådet skal vere organisert, og kven som blir valt til dei ulike verva.
Ålesund, Giske, Fjord og Haram kommune har felles forliksråd for sine ca. 80.000 innbyggjarar og verksemder. Namsfogden i Ålesund er sekretariat for forliksrådet i desse kommunane, og i 2023 behandla nemnde forliksråd ca. 450 sivile tvistesaker.
Som medlem i forliksrådet får du eit unikt innblikk i rettssystemet og høve til å utvikle dine ferdigheiter innan konfliktmekling. Før oppstart planlegg Statens Sivilrettsforvaltning innføringskurs for nye medlemmar, og det er planlagt fysiske samlingar i 2025.
Frist for å melde interesse: 19.08.24
Om du har spørsmål om vervet kan du sende ein e-post til forliksrådet sitt sekretariat: Namsfogden.Alesund@politiet.no
Om forliksrådet
Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og speler ei viktig rolle i samfunnet. I møta deltek tre medlemmar/dommarar. Forliksrådet handsamar sivile tvistar, slik som t.d. krav om betaling, gjeldskrav, tvistar om avtalar og i naboforhold. Forliksrådet søkjer å løyse tvistar gjennom mekling, men kan avseie dom i nokre høve. Partane i forliksrådet må ikkje bruke advokat, men det er høve til det for den som vil.
Medlemmane/dommarane i forliksrådet har oppgåver som til dømes:
- Leie/delta i mekling mellom partar for å finne minnelege løysingar
- Vurdere bevis og argument presentert av sakas partar
- Skrive/bidra til avgjerder eller dom der mekling ikkje fører fram
- Sikre ein rettferdig og effektiv prosess saman med dei andre medlemmane
- Varamedlem må vere budd på å bli innkalla til møter med kort varsel ved sjukdom eller anna forfall hos dei faste medlemmane
For å vere ein god kandidat til verv i forliksrådet bør du:
- Vere villig til å forplikte deg til noko opplæring og regelmessig deltaking i forliksrådets møter.
- Om det vert eit felles råd for Ålesund, Giske, Fjord og Haram må ein rekne med å møte ca. éin dag per veke (normalt onsdagar). Det er møtefri mellom anna i rettsferien om sommaren (1.7-15.8) og til påske/jul. Rettsmøta vert heldt i politihuset i Ålesund der sekretariatet er lokalisert.
- Kunne arbeide heildigitalt. Du får saksdokument via Forliksrådsportalen, og avgjerder blir skrive på PC.
- Ha god dømmekraft og evne til å sjå saker frå fleire sider.
- Vere upartisk og opptre rettferdig.
- Kommunisere godt og kunne handsame sensitive saker.
- Jobbe sjølvstendig og vere komfortabel med å fatte avgjerder i vanskelege spørsmål.
- Vere interessert i lov og rett og bruke rettskjelder aktivt i saksførebuing og i grunngjeving, sjølv om juridisk utdanning ikkje er eit krav.
- Du er valbar sjølv om du ikkje er busett i dei aktuelle kommunane, men av omsyn til reiseveg er det mest praktisk om du bur i Ålesund, Giske, Fjord eller Haram.
Vilkår for val:
Medlem i forliksrådet er rekna som dommarar etter domstollova. Det betyr mellom anna at du må vere norsk statsborgar og vere økonomisk vederheftig (ikkje ha betalingsmerknadar).
I tillegg er det krav om at:
- du er fylt 25 år
- du er under 70 år per 1.1.2025
- du er særleg eigna til oppgåva, og at du beherskar norsk skriftleg og munnleg godt
Meir om vilkåra for å kunne bli valt, og kven som er utelukka frå val grunna sitt arbeid (§71) eller vandel (§72), kan du lese i domstollova tredje og fjerde kapittel. Til dømes er ikkje tilsette i politiet/kriminalomsorga eller praktiserande advokatar valbare.
Den som melder interesse må godta at kommunen får gjennomført ein vandelskontroll hos politiet. Det er ikkje eit krav om juridisk utdanning for å bli valt som medlem. Personar med juridisk kompetanse/erfaring vert likevel oppmoda til å melde si interesse, då det kan vere ein fordel at nokre av forliksrådets medlemmar har dette.
Les meir om forliksrådet: