Olav Bråten
Olav Bråten
FotoPolitiet

Olav Bråten kom frå stillinga som overbetjent og straffesakskoordinator ved same politistasjonsdistrikt og har dermed ikkje måtta flytte på seg i anledning det nye vervet han no har gått inn i. Han er også allereie godt kjend med dei dyktige kollegaene som jobbar i politistasjonsdistriktet beståande av Sunndal og Tingvoll politistasjon.

Etter å ha gått ut av politihøgskulen i 2008, starta Olav på ordensavdelinga på Manglerud politistasjon i Oslo. Der blei han verande til 2015, då familien hadde auka og behovet for nærleik til besteforeldre melde seg. Då han flytta heim igjen til trygge omgivnadar i Ålvundfjorden i Sunndal kommune, starta han som politibetjent ved det som den gangen heit Sunndal lensmannskontor. Der jobba han først som politibetjent og seinare som politioverbetjent og straffesakskoordinator, som han har gjort dei to siste åra. No ser han fram til å sette seg inn i nye oppgåver og kome i gang med den nye arbeidskvardagen.

      Det er verkeleg ein fin gjeng vi har her, og noko av det kjekkaste med den nye stillinga er at eg skal få fortsette å levere gode tenester saman med dei, seier Olav.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no