Innfører bevæpning under oppdraget i Ålesund og Geiranger
Politimeisteren i Møre og Romsdal har bestemt at det vert innført bevæpning under politiet sitt oppdrag i Geiranger og i Ålesund i helga.
– Bevæpning er eit sikringstiltak for å førebygge og sikre ein rask og effektiv respons frå politiet dersom det skulle bli naudsynt, seier stabssjef Kenneth Sætre.
Vi understrekar at verken politiet eller PST er kjend med konkrete trugslar mot arrangementet eller gjestar.
– Det er eit reint førebyggande tiltak for å skape tryggleik då vi ventar oss at det kan samle seg mykje folk både i Ålesund og i Geiranger, avsluttar stabssjefen.
Presseførespurnader:
+47 990 94 670