Sommarstudentar i PIT: Fire team, fire utfordringar, åtte veker
21 studentar med ulik kompetanse innan utvikling og design tok i sommar fatt på reelle utfordringar i politiet. Saman skulle dei jobbe for å løyse samfunnsoppdraget til politiet med teknologi som verkemiddel.
Studentane kom frå ulike studiestader og er på ulike stader i studieløpet. Dei vart delt inn i fire team, som skulle jobbe tverrfagleg med problemløysing, i tillegg til å bli kjend med Politiets IT-eining og brukarane våre.
– Det har vore fantastisk å få unge, nysgjerrige og engasjerte kollegaer med mykje energi inn i PIT i sommar, seier Catherine Janson, direktør i Politiets IT-eining.
Spennande utfordringar
Det vart ein sommar fylt med problemløysing og unike opplevingar. Studentane jobba som fire team:
Team designsystem:
Sommarstudentane skulle utforske og utvikle éin eller fleire komponentar til designsystemet som PIT utviklar.
Målet med eit felles designsystem er å skape felles og gjennomgåande design og betre brukaroppleving på tvers av system og tenester i politiet.
Team endringsoversikt:
Sommarstudentane skulle utforske eit felles system for å synleggjere endringar, som støttar både ein smidig og ein tradisjonell leveransemodell.
Team politiet.no:
Sommarstudentane skulle sjå på korleis nødvarslar kan visast på politiet.no, og korleis nødvarsla kan fungere saman med resten av innhaldet.
Team responstid:
Responstida til politiet og nærværet til politiet rundt om i landet er nært knytt til kvarandre. Sommarstudentane skulle undersøke løysingsrommet, og bygge simulatorar og verktøy for betre å forstå responstid.
Fart, flyt og unike opplevingar
Studentane fekk fridom til å finne ut korleis dei best kunne angripe utfordringa dei skulle løyse. Dei snakka med brukarar og samla innsikt, analyserte data, koda, designa, brukartesta og justerte.
– Eg har lært korleis vi saman kan jobbe for at folk skal forstå store og komplekse problem, og korleis vi får verdi av data, seier Suha. Ho var ein del av team responstid.
Dei fire teama presenterte resultatet av sommarens prosjekt for spente kollegaer i fullsett sal.
– Eg er så imponert over kva sommarstudentane har greidd å levere på så kort tid, og korleis dei har jobba saman og lært av kvarandre for å få det til, seier Catherine Janson.
Sjå meir frå sommerstudentane på @politiets-it-enhet på Instagram.