Opning av nytt pass- og ID-kontor ved Vestnes politistasjon
Onsdag 2. oktober kl. 10.00 opnar Vestnes politistasjon dørene til det nye pass- og ID-kontoret.
Dei som ønskjer kan allereie no bestille time for pass- og ID-kort ved Vestnes politistasjon. Første ledige time er onsdag 2. oktober. Frå oktober held passkontoret ope på måndagar og onsdagar mellom kl. 10.00 og 14.00. For å bestille time må du besøke politiet sine nettsider: www.politiet.no.
– Innbyggjarane i Vestnes og omland vil frå oktober månad igjen få moglegheita til å ordne seg pass- og ID-kort lokalt. Dei nye lokala er i tillegg universalt utforma og tilrettelagt for alle brukarar, seier Roar Mordal Hilde, politistasjonssjef for Vestnes og Rauma.
Det blir også ei opningsmarkering kl. 10.00 denne dagen der media får informasjon om det nye tilbodet, og omvising i dei nye lokala.