Offentleggjer trusselvurdering for Vest politidistrikt
For første gang har Vest politidistrikt utarbeidd ein open versjon av lokal trusselvurdering. Den beskriv dei mest alvorlege kriminalitetstruslane i politidistriktet med eksempel og råd til innbyggjarane.
- Med dette deler vi vårt situasjonsbilde. Hensikta er å sette andre i stand til å ta gode val, redusere kriminalitet og bidra til auka tryggleik i befolkninga, seier politimeister Kaare Songstad.
Han understrekar at Vest politidistrikt for dei aller fleste er ein trygg stad å bu. Det offentlege rom pregast av ro og orden og dei færraste vert utsett for alvorleg kriminalitet.
- Samstundes må vi ikkje vere naive. Vi veit at kriminaliteten kan ha store konsekvensar for dei som vert råka, seier Songstad.
Rapporten startar med å skildre trekk i samfunnsutviklinga som bidrar negativt på kriminalitetsutviklinga. Deretter tek den for seg fem overordna kriminalitetskategoriar. Desse er framheva fordi det er registrert ein auke i omfang eller fordi konsekvensane for enkeltindivid eller samfunn vurderast som særleg alvorlege.
- Politiet kan ikkje førebygge kriminalitet åleine. Vi trur at deling vil bidra til ei felles situasjonsforståing lokalt i distriktet. Dette vil igjen danne grunnlaget for endå betre samhandling med kommunar og andre offentlege aktørar, næringsliv, frivillige og innbyggarar for å førebygge kriminalitet i Vest politidistrikt, seier Songstad.
Politimeisteren håpar folk vil oppleve rapporten som nyttig.
- For oss har det vore viktig å ikkje berre beskrive truslane, men også kome med råd og gi eksempel på korleis denne typen saker kan sjå ut, seier han.
I forordet til rapporten peikar politimeisteren på eitt område som uroar han spesielt; kombinasjonen av auka ungdomskriminalitet med auka aktivitet hos kriminelle nettverk i Noreg og på Vestlandet.
- Vi har eksempel på at ungdom i vårt politidistrikt blir brukt aktivt i alvorleg, organisert kriminalitet, seier Songstad.
Les heile rapporten: Lokal trusselvurdering Vest politidistrikt 2024-2025.pdf