Frigir namn på omkomen etter bustadbrann i Ulsteinvik
Det var Yafet Daniel Hailemariam (19) som omkom i bustadbrannen i Ulsteinvik 2. november.
Saka er enda under etterforsking med pågåande tekniske og taktiske undersøkingar og vitneavhøyr. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen.
Politiet har mottatt foreløpig obduksjonsrapport, men av omsyn til etterforskinga er det for tidleg å kommentere innhaldet i rapporten.
Dei pårørande er informerte om at namnet blir gitt til media.