Brannetterforsking er utfordrande, særleg når skadane er så store at det er lite spor på sjølve åstaden. Informasjon frå vitne har difor vore sentralt i etterforskinga av brannen på Sulafjellet.

– Vi har fått inn mange gode tips så langt, og det er dei som gjer at vi no kan avgrense kva som er av særleg interesse vidare. Vi ønskjer å kome i kontakt med personar som har vore på og rundt Sulafjellet i tidsrommet midnatt til 05:00 tysdag 21. januar, seier påtaleansvarleg Magne Kvalvik.

Vi ber dei dette kan gjelde om å kontakte politiet på telefonnummer 404 45 900, eller https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet.

Påtaleansvarleg Magne Kvalvik kan siterast.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no