Politiet snakker med en innbygger.
FotoAstrid Brandal Øvrelid.

Resultatet er to prosentpoeng høgare enn det nasjonale resultatet på 70 prosent. Det er også det same resultatet som Møre og Romsdal politidistrikt oppnådde i fjorårets undersøking.

– Innbyggjarane sin tillit til politiet er avgjerande for at vi skal kunne løyse samfunnsoppdraget vårt. Det er gledeleg at innbyggjarane framleis har høg tillit til det daglege arbeidet vi gjer i politidistriktet, seier politimeister Ingar Bøen.

Resultatet i tillit plasserer Møre og Romsdal politidistrikt på ein delt tredjeplass saman med Øst politidistrikt. Oslo og Trøndelag politidistrikt ligg øvst med eit resultat på høvesvis 74 og 76 prosent.

Føler seg trygge i nærmiljøet

90 prosent av innbyggjarane føler seg svært eller ganske trygge i sitt nærmiljø i Møre og Romsdal. Det er ein nedgang på éin prosent samanlikna med fjorårets resultat, men politidistriktet plasserer seg likevel nedst høgast samanlikna med andre politidistrikt i årets undersøking. Resultat for landssnittet ligg på 87 prosent for 2024.

– Det er gledeleg at kjensla av tryggleik framleis er så høg i Møre og Romsdal. Vi ønskjer å vere synlege, til stades og tilgjengelege i nærmiljøet for å bidra til at innbyggjarane føler seg trygge. Den høge tryggleikskjensla skuldast også truleg innsatsen frå andre lokale aktørar som er med på å sikre at Møre og Romsdal er eit trygt fylke å bu i, seier Bøen.

Politiet i dialog med en innbygger.
FotoAstrid Brandal Øvrelid.

Bekymring for digital svindel og bedrageri

Resultat for 2024 viser at 58 prosent av innbyggjarane i fylket føler seg svært, eller ganske trygge når dei bruker digitale tenester. Det nasjonale resultatet ligg på 64 prosent. Sjølv om resultatet for Møre og Romsdal politidistrikt er lågare enn landssnittet er resultatet likevel høgare enn fjorårets 55 prosent. Resultatet viser også at innbyggjarane er mest bekymra for svindel eller bedrageri, identitetstjuveri og deling av bilete eller video utan løyve når dei bruker digitale tenester. 

– Tryggleik i det digitale rom er framleis eitt av satsingsområda våra i 2025, og resultatet frå innbyggarundersøkinga stadfestar at det er ei god prioritering. I løpet av 2024 auka vi den interne kapasiteten og kompetansen slik at vi stod betre rusta for å handtere datakriminalitet, og vi hadde god dialog med næringslivet og informerte innbyggjarane om temaet. Det vil vi fortsetje med inn i 2025, seier Bøen. 

Politiet i dialog med to innbyggere i Ålesund sentrum.
FotoAstrid Brandal Øvrelid.

Når innbyggjarane møter politiet

25 prosent av innbyggjarane frå Møre og Romsdal hadde blitt stoppa av politiet, samanlikna med 20 prosent på landssnittet. Likevel følte innbyggjarane i Møre og Romsdal at dei i stor grad blei behandla med respekt, behandla rettferdig og at politiet forklarte på ein god måte kvifor dei blei stoppa.

– Samla sett er resultata frå innbyggarundersøkinga for Møre og Romsdal gode. Vi skal vere stolte og fornøgde med det som er bra, og jobbe vidare med forbetring der det trengs, til det beste for innbyggjarane våre, seier Bøen. 

Bøen ynskjer å rette ei takk til innbyggarane som har vore med på undersøkinga.

– Det er viktig for oss å få tilbakemelding frå innbyggjarane om jobben vi gjer. Innbyggarundersøkinga gir oss verdfulle tilbakemeldingar som dannar eit godt kunnskapsgrunnlag for politidistriktet vårt, seier Bøen.

 

Metodikk

Totalt var det 22 172 innbyggjarar som svarte på undersøkinga der 1 577 av desse var innbyggjarar frå Møre og Romsdal. Datainnsamlinga blei gjennomført i perioden 5. oktober til 11. november 2024.