Kvinne i 70-åra frå Møre og Romsdal utsett for utpressing og grovt bedrageri
Gjennom sosial manipulasjon har kvinna blitt ført til Tyrkia, og blitt svindla for fleire millionar kroner.
Kvinna skal ha blitt oppringt og seinare oppsøkt i bustaden sin, av personar som hevda dei var frå Kripos og Interpol. Gjerningspersonane skal ha hatt tett kontakt med kvinna over fleire dagar, og svindla henne gjennom mellom anna kontantuttak og ulike overføringar. Gjennom sosial manipulasjon har dei lukkast i å få kvinna til å reise til Tyrkia den 12. februar.
Politiet blei varsla om hendinga av eit familiemedlem, og med bistand frå tyrkisk politi, Kripos og Interpol sette politiet i verk tiltak for å kome i kontakt med kvinna. Saka blei i oppstartsfasa behandla som ein redningsaksjon, fram til kvinna returnerte til Noreg den 18. februar, parallelt med at politiet starta etterforsking av hendingsforløpet.
Av omsyn til den pågåande etterforskinga må politiet vere tilbakehaldne med informasjon om gjerningspersonar, funn så langt og vidare etterforskingsskritt. Politiet vel å gå ut med denne informasjonen for å skape kunnskap om fenomenet og førebyggje liknande tilfelle.
– Denne saka viser viktigheita av at personar i omgivnadane varslar når magekjensla fortel at noko ikkje er som det skal. Saka vitnar også om ein profesjonalitet, teft for manipulasjon og kompetanse i psykologiske verkemiddel hos enkelte svindelaktørar, som det kan vere svært utfordrande å stå imot. Vit at aktørar som politi, Kripos, Interpol eller andre styresmakter aldri spele på frykt eller forsøke å isolere deg frå dine nærståande. Ver skeptisk, både på dine eigne og dine nærståande sine vegner. Er du usikker på om det er politiet som har tatt kontakt med deg, ring 02800, seier påtaleansvarleg Anders Skorpen-Trøen.
+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no