I haust gjekk Vest politidistrikt ut og peika på kva kriminalitetstruslar vi såg som størst i vårt politidistrikt i 2025. Ungdomskriminalitet i kombinasjon med auka aktivitet hos kriminelle nettverk var blant truslane vi løfta fram som urovekkjande i vår lokale trusselvurdering.

Uroa for utviklinga i U18-tala

- No har vi gjennomgått tala for 2024 og dei stadfester det vi tidlegare har peika på som utfordringar. Sjølv om dei aller fleste ungdommane i vårt politidistrikt er lovlydige og greie, gir endringane i kriminalitetsbilete grunn til auka uro for ein del av ungdommane våre, seier politimeister Kaare Songstad.

Talet på straffesaker med ungdom under 18 år gjekk ned med 5 prosent frå 2023 til 2024. Nedgangen skuldast mellom anna færre meldte vinningssaker og at fleire desse sakene står uløyst. Samstundes ser vi at talet på ran og hendingar med vald og truslar auka for dei under 18.

- Ungdomsran auka frå 31 i 2023 til 38 i 2024, men vi kan ikkje sjå bort frå at talet er høgare. I dei uløyste ranssakene veit vi ikkje kven som står bak og kor gamle dei er, fortel Songstad.

Totalt auka talet på meldte ran i Vest politidistrikt frå 87 i 2023 til 120 i fjor. I mange av sakene står politiet utan identifisert gjerningsperson.

Ungdom og kriminelle nettverk

Politiet har også registrert ei auke i talt på ungdom involvert i narkotikalovbrot.

- Vi veit at kriminelle nettverk søkjer å unytte sårbare ungdom. Tala gir ikkje eit fullstendig bilete av aktiviteten til kriminelle nettverk, men vi merkar oss ein auke innan grove narkotikasaker totalt i distriktet, seier Songstad.

Vest politidistrikt held no på å styrke innsatsen mot kriminelle nettverk og politimeisteren er trygg på at vi vil sjå konkrete resultat som følgje av satsinga i året som kjem.

Digitale bedrageri driv tala opp

Sakskategorien med sterkast auke i 2024 er nok ein gong økonomisk kriminalitet. Dei fleste sakene er innanfor kategorien bedrageri, særleg via digitale kanalar.

- Digitale bedrageri er eit saksfelt vi i politiet slit med å hjelpa ofra godt nok. Vårt viktigaste råd er at folk er merksame og ikkje gir ut sensitiv informasjon via telefon, sms eller chat, seier politmeisteren.

30 000 saker og 10 000 ulike gjerningspersonar

Årstala for 2024 gir ei god oversikt over aktiviteten i Vest politidistrikt det siste året på ei rekkje områder – mellom anna innan politiet si oppdragsløysing og innbyggjarkontakt, straffesaksbehandlinga, politiet sine forvaltningsoppgåver og sivil rettspleie.

Totalt blei det meldt 30 320 saker til politiet i Vest i løpet av fjoråret. Det er ei auke på om lag 600 saker, eller to prosent, samanlikna med året før. Politiet klarte å identifisere om lag 10 000 unike mistenkte i 20 000 av sakene. Ein tredjedel av sakene står altså utan identifisert gjerningsperson.

 

Sjå vedlagt rapport for fleire detaljar: Omtale av resultat Vest politidistrikt 2024.pdf