Auka fokus og kompetanse på inndraging
Politidistriktet har sett i verk tiltak for at kriminalitet ikkje skal løne seg, og arbeidet har gitt gode resultat.

Distriktet har hatt ein stor auke i talet på saker der det er sikra verdiar på etterforskingsstadiet og saker der det er inndratt verdiar, samt auke i inndragningsbeløp. I 2023 hadde distriktet 28 saker med inndraging av utbytte, med eit beløp på 634 593. For 2024 har talet på saker med inndraging av utbytte auka til 127, med eit beløp på 5 023 689.
For svært mange lovbrytarar er motivasjonen økonomisk vinning, og langt frå alle fryktar fengselsstraff for å oppnå det. Arbeidet på inndragingsfeltet skal gjere det vanskelegare for kriminelle å behalde verdiar tileigna gjennom kriminalitet, og sørgje for at kriminalitet ikkje løner seg.
I 2024 sette politidistriktet i verk tiltak for å auke kompetansen og fokuset på inndraging av verdiar i straffesaker, mellom anna ved å tilsette to inndragingsspesialistar. Martin Svinø starta i stillinga som inndragingsjurist i november 2024, og Per Olav Halse som inndragingsspesialist på etterforskingssida i januar 2025.
Kontaktinfo stab for kommunikasjon:
+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no