Politiinspektør Elin A. Drønnen.
Politiinspektør Elin A. Drønnen.

40 prosent av auken frå 2023 til 2024 gjeld økonomisk kriminalitet, og i denne auken er det svindel- og bedragerisaker på digitale plattformer som står for flestepartene av sakene. Politiet har over tid oppmoda innbyggarane til å anmelde denne sakstypen og det ser vi igjen i talet på anmeldelsar.

– Svindel- og bedragerisaker er ein av dei mestaukande saksporteføljane vi har i politidistriktet vårt. Både politiet og bankane registrerte ein stor auke i tal på svindel og bedrageri i 2024, og vi forventar også ein auke i omfang i 2025. I tillegg ser vi at digitale svindel og bedrageri rammar folk i alle aldrar og samfunnslag, seier politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt, Elin A. Drønnen.

Trur det er store mørketal

Også Politiets trusselvurdering frå 2024 peikar på denne utviklinga. Digitalisering av samfunnet og intergreringa av økonomiar og arbeidsmarknader aukar moglegheitene for grensekryssande økonomisk kriminalitet. Møre og Romsdal politidistrikt trur det framleis er store mørketal i statistikkane sjølv om stadig fleire av innbyggarane våre anmelder digitale svindel og bedrageri. 

– Det er viktig for oss å understreke at det er viktig å anmelde sjølv om banken din klarer å stoppe pengeoverføringa i tide og at du får tilbake pengane på konto. Det er sjeldan at digitale svindel og bedrageri er enkeltståande hendingar. Di sak kan vere ein viktig brikke i puslespelet for å avdekke kven som står bak og stoppe dei. På den måten kan di sak også førebygge at fleire vert utsett for det same, legg Drønnen til.

Sjølv om saka di skulle ende med å bli lagt bort av politiet, kan politiet ta den opp igjen dersom ny informasjon kjem til som gjer at ein bør sjå på den på nytt eller i samanheng med andre saker. 

– Bedrageri generer stort utbytte til kriminelle aktørar som vert nytta til å finansiere ny kriminalitet. Vi ser også at fleire norske bedragerisaker kan knyttast til organiserte kriminelle nettverk, som også er involverte i narkotika og valdskriminalitet. Derfor er det så viktig at vi får sett alle sakene i samanheng, seier ho. 

Viktig å anmelde raskt

Innbyggjarane kan hjelpe politiet med å anmelde så raskt det let seg gjere i slike saker.

  Då får vi best mogleg grunnlag for å avdekke og stanse dei som står bak. Dess raskare meldinga går til politiet jo større er også moglegheitene for at politiet kan vere med på å avgrense det økonomiske tapet, seier Elin A. Drønnen.

Sjølv om næringslivet og samfunnet elles finn stadig nye metodar for å stoppe forsøk på svindel og bedrageri, vert forsøka også meir avanserte. Digital svindel og bedrageri er framleis eit aukande samfunnsproblem som gjer at mange ikkje kjenner seg trygge nok på nett og ved bruk av digitale plattformer, avsluttar politiinspektør Elin A. Drønnen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Rapporten:

 

Kontaktinformasjon stab for kommunikasjon:

+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no