Foto frå ein annan redningsøvelse.
Illustrasjonsfoto frå ein tidlegare redningsøvelse.

Øvinga på Sunnmøre skjer i Ålesund kommune, området Spjelkavik og Blindheim og øvinga på Nordmøre vil skje i Kristiansund kommune, området Frei.

Øvingane vil vere godt synleg for innbyggjarane og vil gå føre seg i tidsrommet mellom kl. 17.00 – 21.00 denne dagen. Det vil vere mange deltakarar frå politi og frivillige som deltek. I tillegg til politi og markørar, stiller FORF med mange representantar frå Røde Kors, frå Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder (NRH). Redningsselskapet stiller med redningsskøyte og 330-skvadronen med redningshelikopteret SAR Queen både i nord og sør i distriktet.

     Innføringa av FAKS som samhandlingsverktøy for redningstenestene som koordinerer eigen innsats, kan bidra til å redde fleire liv, seier Christian Schlyder Vegsund som har vore innføringsansvarleg for Møre og Romsdal politidistrikt og øvingsansvarleg på Sunnmøre.

FAKS skal bidra til at alle involverte kjem raskare i gang med ein redningsaksjon. Eit felles verktøy vil leggje til rette for eit styrka samvirke mellom dei ulike offentlege, private og frivillige aktørane som utgjer norsk redningsteneste. 

     FAKS er eit viktig digitalt verktøy som gir betre oversikt for alle involverte redningstenester når det oppstår akutte situasjonar. Det gjer at vi kan samarbeide meir effektivt i situasjonar med små tidsmarginar, avsluttar øvingsleiar for Nordmøre og Romsdal, Morten Hammerås.

Øvinga på Nordmøre vil ha base ved Rensvik samfunnshus.

Øvinga på Sunnmøre vil ha base ved Borgund videregående skole.

Presseførespurnader:

Ta kontakt med stab for kommunikasjon, tlf. 990 94 670 eller på e-post:
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no