This page is not available in your selected language.
Pass og nasjonalt ID-kort: Endringar i samtykke for born
Frå og med 1. november kan føresette gi eit varig samtykke til at born skal få pass eller nasjonalt ID-kort. Begge føresette må møte opp på pass- og ID-kontoret for å gi samtykke, men treng ikkje gjere det samtidig.
Dette er dei nye reglane:
- Samtykke skjer ved fysisk oppmøte innanfor opningstida, ein skal ikkje lenger ta med samtykkeskjema, men må ha med pass eller nasjonalt ID-kort
- Føresette treng ikkje å møte samtidig, eller på det same pass- og ID-kontoret. Ein treng heller ikkje bestille time for å gi samtykke
- Når begge føresette har gitt sitt varige samtykke, kan barnet få fornya passet eller det nasjonale ID-kortet sitt fram til det er 18 år
- Eit varig samtykke kan trekkast tilbake, men eit allereie utskrive pass kan ikkje trekkast tilbake
Denne endringa er meint å gjere det enklare for føresette og styrke dokumenttryggleiken ytterlegare. Les meir om samtykke her.
Merk at fram til 1. november må ein ha med samtykkeskjema.