På denne sida finn du gode råd og rettleiing når du skal søke om pass eller nasjonalt ID-kort for deg sjølv eller nokon du har ansvaret for: https://www.politiet.no/tjenester/pass-og-id-kort/huskeliste-dette-ma-du-ha-med-til-pass-og-id-kontoret/

Samtykke for barn

I 2022 vart reglane endra for korleis ein gir samtykke når ein skal søke om pass eller nasjonalt ID-kort til barn. Begge føresette må no møte opp personleg på eit pass- og ID-kontor, men treng ikkje møte til same tid. Ein treng ikkje bestille time for å gi samtykke og barnet treng heller ikkje vere med. Det går an å gi samtykke for eitt pass eller ID-kort, eller gi eit varig samtykke til barnet vert 18 år. Du kan lese meir om dette her: https://www.politiet.no/tjenester/pass-og-id-kort/samtykke-for-pass-og-id-kort-til-barn-og-unge/