Politiet gjekk i går ut med ei etterlysing av ei kvinne som var meldt sakna av sine pårørande søndag 12. mai. Tysdag 14. mai, rett etter klokka 11:00, blei kvinna funnen i live ved austenden av Brusdalsvatnet. Det var politiet si hundepatrulje som fann kvinna, etter at eit vitne hadde tipsa om rop frå området.

Kvinna blei funnen i bratt terreng og blir derfor henta ut med redningshelikopter. Kvinna står fram som uskadd, og får vidare oppfølging frå helse.

      Vi rettar ein stor takk til både frivillige og profesjonelle som har gjort ein fantastisk innsats i søket. Vi har hatt eit godt samarbeid med mellom anna Røde Kors, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp, Redningshelikoptertenesten, Sivilforsvaret, Heimevernet og Norske alpine redningsgrupper som resulterte i at vi fant den sakna kvinna, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad.

 

Dei pårørande er orientert.

 

Operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Per Åge Ferstad, kan siterast.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670

kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no