Siktinga gjeld på dette tidspunktet valdtekt av eit barn under 14 år. Både kvalifiserte seksuelle handlingar og seksuell omgang med barn under 14 år blir rekna som valdtekt. Politiet er på eit tidleg stadium av etterforskinga og etterforskar saka breitt. Av omsyn til den vidare etterforskinga er det lite vi kan gi av konkrete opplysningar i saka på noverande tidspunkt.

      På bakgrunn av at den sikta er tilsett ved ein barneskule i Ålesund er det sendt ut eit informasjonsskriv til foreldra ved den aktuelle skulen der politiet gir råd om korleis dei kan forhalde seg om dei er bekymra for at deira barn er utsett for seksuelle overgrep, seier politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt.

 

Sikta blir bistått av advokat Torgeir Langva både i politiavhøyra og under det første fengslingsmøtet i tingretten.

 

Påtaleansvarleg Julie Ulstein kan siterast i saka.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no