Foto av svindel-SMS.
Foto av svindel-SMS.

I meldingane står det at ein har mottatt eit brev i ei utleggssak, spesifikt frå namsmannen, og at det hastar å følgje lenka og betale for å unngå gebyr.

Fleire av dei som har mottatt tekstmeldinga og som teke kontakt med politiet i dag er i den godt vaksne og eldre aldersgruppa av innbyggarane våre, så det er tydeleg at dei målretta prøver å nå dei.

- Dette er svindel. Ikkje svar på meldinga, og ikkje trykk på lenka, er den klare beskjeden frå oss i politiet, seier kommunikasjonsdirektør i Møre og Romsdal politidistrikt Iselin Nevstad Øvrelid.