Ålesund, Giske, Fjord og Haram kommune har felles forliksråd for sine ca. 80.000 innbyggjarar og verksemder. Namsfogden i Ålesund er sekretariat for forliksrådet i desse kommunane, og i 2023 behandla nemnde forliksråd ca. 450 sivile tvistesaker. 

Som medlem i forliksrådet får du eit unikt innblikk i rettssystemet og høve til å utvikle dine ferdigheiter innan konfliktmekling. Før oppstart planlegg Statens Sivilrettsforvaltning innføringskurs for nye medlemmar, og det er planlagt fysiske samlingar i 2025.

Frist for å melde interesse: 19.08.24

Om du har spørsmål om vervet kan du sende ein e-post til forliksrådet sitt sekretariat: Namsfogden.Alesund@politiet.no 

Om forliksrådet

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og speler ei viktig rolle i samfunnet. I møta deltek tre medlemmar/dommarar. Forliksrådet handsamar sivile tvistar, slik som t.d. krav om betaling, gjeldskrav, tvistar om avtalar og i naboforhold. Forliksrådet søkjer å løyse tvistar gjennom mekling, men kan avseie dom i nokre høve. Partane i forliksrådet må ikkje bruke advokat, men det er høve til det for den som vil.

Medlemmane/dommarane i forliksrådet har oppgåver som til dømes:

  • Leie/delta i mekling mellom partar for å finne minnelege løysingar
  • Vurdere bevis og argument presentert av sakas partar
  • Skrive/bidra til avgjerder eller dom der mekling ikkje fører fram
  • Sikre ein rettferdig og effektiv prosess saman med dei andre medlemmane
  • Varamedlem må vere budd på å bli innkalla til møter med kort varsel ved sjukdom eller anna forfall hos dei faste medlemmane

For å vere ein god kandidat til verv i forliksrådet bør du:

  • Vere villig til å forplikte deg til noko opplæring og regelmessig deltaking i forliksrådets møter.
  • Om det vert eit felles råd for Ålesund, Giske, Fjord og Haram må ein rekne med å møte ca. éin dag per veke (normalt onsdagar). Det er møtefri mellom anna i rettsferien om sommaren (1.7-15.8) og til påske/jul. Rettsmøta vert heldt i politihuset i Ålesund der sekretariatet er lokalisert. 
  • Kunne arbeide heildigitalt. Du får saksdokument via Forliksrådsportalen, og avgjerder blir skrive på PC.
  • Ha god dømmekraft og evne til å sjå saker frå fleire sider.
  • Vere upartisk og opptre rettferdig.
  • Kommunisere godt og kunne handsame sensitive saker.
  • Jobbe sjølvstendig og vere komfortabel med å fatte avgjerder i vanskelege spørsmål.
  • Vere interessert i lov og rett og bruke rettskjelder aktivt i saksførebuing og i grunngjeving, sjølv om juridisk utdanning ikkje er eit krav.
  • Du er valbar sjølv om du ikkje er busett i dei aktuelle kommunane, men av omsyn til reiseveg er det mest praktisk om du bur i Ålesund, Giske, Fjord eller Haram.

Vilkår for val:

Medlem i forliksrådet er rekna som dommarar etter domstollova. Det betyr mellom anna at du må vere norsk statsborgar og vere økonomisk vederheftig (ikkje ha betalingsmerknadar).

I tillegg er det krav om at: 

  • du er fylt 25 år
  • du er under 70 år per 1.1.2025
  • du er særleg eigna til oppgåva, og at du beherskar norsk skriftleg og munnleg godt

Meir om vilkåra for å kunne bli valt, og kven som er utelukka frå val grunna sitt arbeid (§71) eller vandel (§72), kan du lese i domstollova tredje og fjerde kapittel. Til dømes er ikkje tilsette i politiet/kriminalomsorga eller praktiserande advokatar valbare.

Den som melder interesse må godta at kommunen får gjennomført ein vandelskontroll hos politiet. Det er ikkje eit krav om juridisk utdanning for å bli valt som medlem. Personar med juridisk kompetanse/erfaring vert likevel oppmoda til å melde si interesse, då det kan vere ein fordel at nokre av forliksrådets medlemmar har dette.

Les meir om forliksrådet: