This page is not available in your selected language.
Informasjon til besøkande i Geiranger helga 30. august
I samband med prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett sitt bryllaup i Geiranger 31. august, vil det vere mykje aktivitet i bygda. Møre og Romsdal politidistrikt vil derfor dele nokre praktiske opplysingar.
Tilgang til attraksjonar og servicetilbod
Arrangementet er lagt til Hotel Union Geiranger og området rundt, laurdag 31. august. Vi oppmodar besøkande om å planlegge for at det vil vere mykje folk i bygda heile helga, og at dette kan virke inn på tilgangen til servicetilbod og attraksjonar. Hotel Union Geiranger vil vere stengt for publikum, og enkelte område kan bli avsperra.
Restriksjonar for luft og trafikk
Det er innført luftromsrestriksjonar fredag 30. august frå kl. 06:00 og fram til natt til måndag 2. september for Geiranger sentrum. For turistar og besøkande er det særleg verdt å merke seg at det ikkje er tillate å flyge drone i denne perioden.
Spørsmål knytt til gjennomføringa av planlagde ekskursjonar i eller utanfor Geiranger må rettast til relevant tilbydar. Trafikken i Geiranger sentrum og nærområdet vil i all hovudsak gå som normalt, men enkelte vegar kan bli stengde eller regulerte i kortare periodar.
Vi oppmodar alle besøkande om å respektere eventuelle avsperringar og følgje anvisingar frå politi og andre relevante aktørar. Med ønske om eit hyggeleg besøk i Geiranger.
English version follows:
Information for visitors in Geiranger the weekend of August 30th
In connection with Princess Märtha Louise of Norway and Durek Verrett's upcoming wedding in Geiranger on August 31st, significant activity is expected in and around Geiranger. Møre og Romsdal Police District is therefore sharing practical information.
Access to services and attractions
The event itself will take place at Hotel Union Geiranger and surrounding areas on Saturday, August 31st. We advise visitors to plan accordingly, as it is expected that Geiranger will be crowded throughout the weekend, which may impact access to services and attractions. Hotel Union Geiranger will be closed to the public, and certain areas may be cordoned off.
Air and traffic restrictions
Airspace restrictions have been implemented from 6 AM, Friday, August 30th, until the early hours of Monday, September 2nd. Tourists and visitors should note that drone flights are strictly prohibited during this period.
For questions relating to the execution of planned excursions in, or outside Geiranger, please contact the relevant provider directly. Traffic in Geiranger and surrounding areas is expected to operate as usual, although some roads may be closed or regulated for short periods.
We urge all visitors to respect any barriers and follow directions from the police and other relevant authorities. We hope you have an enjoyable visit to Geiranger.