This page is not available in your selected language.
Informasjon til media om intervju i Geiranger
Vi har fått nokre spørsmål frå media om politiet kan stille til intervju i samband med bryllaupet i Geiranger. Vi har tidlegare sagt at vi skal stille oss disponible for spørsmål når det nærmar seg. Her kjem informasjon til felles orientering.
Tenestestadsleiar i Sykkylven og Stranda, Tony André Gjerde, kan ved behov stille seg disponibel for å svare på spørsmål rundt politiet sitt oppdrag fysisk i Geiranger i løpet av onsdag denne veka.
Vi understrekar at dette ikkje er ein pressekonferanse av noko slag, men ei moglegheit for å snakke med politiet om politiet sitt oppdrag heilt konkret.
Vi ønskjer gjerne å formidle informasjon om trafikk og framkomst denne helga for å nå besøkande som har tenkt å ta turen, og de får sjølvsagt stille dei spørsmåla de ønskjer, men som vi har understreka før: Vi kan berre kommentere på politiet sitt oppdrag, ikkje gjestar eller detaljar om arrangementet elles.
Avtale må gjerast med stab for kommunikasjon i forkant, slik at vi best mogleg kan sørge for at vi held tidsskjema.
Ta kontakt med pressetelefonen vår tlf. 99 09 46 70 mellom kl. 9 – 15 eller send ein e-post til kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no for å gjere nærmare avtale.
English version follows:
We have received inquiries from the media about whether representatives from the Police District are available for interviews regarding the wedding in Geiranger. We have previously stated that we would be available for questions as the event approaches.
Local Police Chief of Sykkylven and Stranda municipality, Tony André Gjerde, is available to answer questions regarding the police’s role in person in Geiranger on Wednesday August 28th, if needed.
We want to emphasize that this is not a press conference, but an opportunity to ask questions about the police’s specific role in the event.
We would like to provide information about traffic and access for visitors planning to visit Geiranger this weekend. You are welcome to ask any questions you may have, but as previously stated, we can only comment on the police’s role, not on guests or details of the event.
Please arrange any interviews with our communications team in advance to ensure we stay on schedule.
Contact our press phone at +47 99 09 46 70 between 9 AM and 3 PM or email kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no to make further arrangements.