This page is not available in your selected language.
Frigir namn etter funn av død person på Vestnes
Det var Senait Zerom Weldetinsae (49) som blei funnen død i bustaden sin på Vestnes 22. oktober 2024.
Barnet som også blei funne på åstaden, og som blei frakta til St. Olavs hospital, er på betringens veg. Barnet har blitt avhøyrt i eit tilrettelagt avhøyr ved St. Olavs hospital 30. oktober 2024 med bistand frå Kripos.
Etterforskinga held fram for fullt, vi utfører blant anna avhøyr, tekniske undersøkingar og gjennomgåing av databeslag. Det er planlagt avhøyr av den sikta i løpet av veka.
Politiet har mottatt foreløpig obduksjonsrapport, men av omsyn til etterforskinga er det for tidleg å kommentere innhaldet i rapporten.
– På bakgrunn av etterforskinga så langt er mistanken mot den sikta styrka. Det er for tidleg å vurdere om det er grunnlag for å endre siktinga, seier påtaleansvarleg og politiadvokat Lena Katrin Romestrand ved Møre og Romsdal politidistrikt.
Dei pårørande er informerte om at namn på avdøde blir frigitt.