This page is not available in your selected language.
Ønskjer tips i Sula-sakene frå 2015
To eldre kvinner vart utsett for valdtekt og forsøk på valdtekt i Mauseidvåg i Sula kommune sommaren 2015. Sakene er framleis under etterforsking og politiet ønskjer på nytt tips.
Det var mellom onsdag kveld 15. juli til torsdag morgon 16. juni 2015 at ei eldre kvinne vart overfalt og valdteken i heimen sin i Mauseidvåg. Nokre veker etter, søndag 23. august 2015 om lag kl. 04.30, vart ytterlegare ei eldre kvinne overfalt og forsøkt valdteken i sin eigen heim, også i Mauseidvåg.
– Politidistriktet har gjennom desse åra hatt dialog med seksjon for kalde saker (Cold case) i Kripos og vi ønskjer igjen å ta ei ny runde på om nokon kan ha tips som kan bidra til at sakene vert oppklara, seier politiadvokat Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.
Sjølv om åra har gått, har vi fått tips i sakene, og politiet håpar framleis at det kan vere nokon der ute som sit på informasjon som dei ikkje har vore i kontakt med politiet om. Seksuelle overgrep kan vere vanskelege å snakke om.
– Er du usikker på om det er informasjon som er relevant, la politiet vurdere det, er den klare oppmodinga frå politiadvokat Skovly.
Politiet har tidlegare fått stadfesta at det er same DNA-profil i begge sakene, og dermed same gjerningsmann.
Det har tidlegare blitt gjennomført ei omfattande DNA-screening for å finne ut av kven som har utført ugjerningane. Dette arbeidet er nå gjenoppteke. Dei som no blir kontakta av politiet med spørsmål om å avgi DNA-prøve har ikkje mistanke retta mot seg. Via denne elimineringsprosessen håper politiet å kunne oppklare sakene.
Vi ønskjer fortrinnsvis tips via tipsportalen på politiet.no:
https://tips.politiet.no/app/generell/?locationId=0194649a-175c-4815-c2b0-3f6a0e368cb6
Du kan også ta kontakt på tlf. 02800 dersom du heller ønskjer å melde inn tips via telefon.