– Eg takkar for tilliten, og ser fram til å gå inn i rolla som politidirektør i slutten av januar. Politiet løyser eit viktig samfunnsoppdrag på vegne av fellesskapet. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva med å leia og utvikla politiet vidare saman med dyktige kollegar, seier Skulstad.

Den nye politidirektøren peiker på at det er naudsynt å nytte den  samla kompetansen og kapasiteten til politiet meir heilskapleg i heile landet, på tvers av grensene til politidistrikta  for å møte utfordringane i ei stadig meir omskifteleg verd.

– Kriminalitetsbiletet er i endring og me ser meir kriminalitet mellom barn og unge, organisert kriminalitet og digital kriminalitet som treff mange. Dette stiller nye krav og forventningar til politiet. Det understrekar også behovet for å halde fram med arbeidet med å digitalisera systema og tenestene våre, seier Skulstad.

Han legg til at den sikkerheitspolitiske situasjonen har vist korleis rolla til politiet utgjer ein viktig del av totalberedskapen i Noreg.

Håkon Skulstad har lang fartstid frå etaten. Han er både politi- og juristutdanna og kjenner dei ulike delane av politiet godt. Han har bakgrunn som statsadvokat og polititenestemann, og har mellom anna vore rektor ved Politihøgskolen og politimeister i tidlegare Øst-Finnmark politidistrikt. Sidan 2017 har han vore assisterande politidirektør.

– Eg kjenner på eit stort ansvar, men er trygg på at me saman med dei tilsette i heile landet skal halde fram med å utvikle politiet til det beste for innbyggjarane, avsluttar Håkon Skulstad.

Skulstad blir fristilt frå stillinga som assisterande politidirektør frå og med 1. januar og fram til han startar som politidirektør 27. januar. Tone Vangen vil fungere som assisterande politidirektør i denne perioden.

 

Håkon Skulstad
Håkon Skulstad
PhotoPolitiet

Kven som har vore politidirektør og når

  • Ingelin Killengreen 2000-2011
  • Øystein Mæland 2011-2012
  • Odd Reidar Humlegård 2012-2018
  • Benedicte Bjørnland 2019 -2025
  • Håkon Skulstad 2025-