This page is not available in your selected language.
Ønskjer kontakt med turgåarar etter brannen på Sulafjellet natt til tysdag 21. januar
Tips så langt har leia etterforskinga framover, og politiet ber no om at personar som har vore i området innanfor aktuelt tidsrom tek kontakt.
Brannetterforsking er utfordrande, særleg når skadane er så store at det er lite spor på sjølve åstaden. Informasjon frå vitne har difor vore sentralt i etterforskinga av brannen på Sulafjellet.
– Vi har fått inn mange gode tips så langt, og det er dei som gjer at vi no kan avgrense kva som er av særleg interesse vidare. Vi ønskjer å kome i kontakt med personar som har vore på og rundt Sulafjellet i tidsrommet midnatt til 05:00 tysdag 21. januar, seier påtaleansvarleg Magne Kvalvik.
Vi ber dei dette kan gjelde om å kontakte politiet på telefonnummer 404 45 900, eller https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet.
Påtaleansvarleg Magne Kvalvik kan siterast.
Presseførespurnader:
+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no