This page is not available in your selected language.
Politimeister Kaare Songstad går til Politidirektoratet
Måndag 17. mars går politimeister i Vest politidistrikt Kaare Songstad til Politidirektoratet. Der skal han leie eit viktig utviklingsarbeid.
Songstad har vore politimeister i Vest politidistrikt sidan 1. januar 2016. Innbeordringa er i første omgang på eitt år. Visepolitimeister Ane Kvaal blir konstituert som politimeister i Vest inntil videre.
- Eg er veldig glad for å få ein slik spennande moglegheit. Samstundes er det rart å ikkje lenger skulle leie den flotte gjengen som arbeidar i Vest politidistrikt. Mykje har skjedd dei åra eg har vore politimeister her og er takksam for alt vi har fått til saman, seier politimeister Songstad.
Skal samle og leie utviklingsarbeid
Politimeisteren skal ta på seg arbeidet med å samle og leie fleire viktige utviklingsinitiativ i Politidirektoratet – som også vil påverka resten av etaten.
Stikkord er heilskapleg utvikling og styring i politiet. Dette skal bidra til at politiet leverer på samfunnsoppdraget. Eit kriminalitetsbilete i endring, den sikkerheitspolitiske situasjonen og den raske digitaliseringa gjer at etaten må riggast i større grad for kontinuerleg utvikling, inkludert digitalisering.
- Blir eit taktskifte
- Vi skal gjennom ei utviklingsreise for norsk politi. Arbeidet skal bidra til at vi leverer på tryggleik og digitalisering. Det er gjort et godt grunnarbeid, og det blir no eit taktskifte for å sikre gjennomføring. Eg er veldig glad for at politimeister i Vest, Kaare Songstad, tek på seg å leie arbeidet, seier politidirektør Håkon Skulstad.
- Politiet må lukkast med utvikling og Politidirektoratet har ei heilt sentral rolle i dette arbeidet. Eg ser derfor veldig fram til å få jobbe med desse prosessane i tida framover, seier Songstad.