This page is not available in your selected language.
Erstatning etter politiregisterloven
Du kan krevje erstatning viss politiet har behandla opplysingar om deg i strid med politiregisterlova.
Du kan ikkje krevje erstatning berre fordi opplysingane er behandla eller brukt i strid med reglane. Du må kunne bevise at bruken eller behandlinga har ført til skade på deg sjølv eller noko du eig.
Du kan også krevje erstatning av ikkje-økonomisk art (oppreising). Du kan ikkje få oppreising utan vidare. Vi må kunne fastslå at skaden har skjedd fordi politiet har gjort feil.
Har du vore sikta i ei straffesak? Då må du legge fram krav om erstatning etter kapittel 31 i straffeprosesslova.
Slik krever du erstatning
Dette seier lova om erstatning
Reglane om erstatning står i politiregisterlova § 56 og politiregisterforskrifta kapittel 19.