This page is not available in your selected language.
Organisering og leiing - Sør-Vest politidistrikt
Sør-Vest politidistrikt dekker fra 1. januar 2020 23 kommuner i Rogaland, fem kommunar i Vestland og ein i Agder fylke. Politidistriktet strekker seg frå Moi i Lund kommune i sør, til Stord, Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust.
Oppgåver og ansvar
Sør-Vest politidistrikt har ansvar for politioppgåvene på kontinentalsokkelen sør for 62º breddegrad, samt bistands- og opplæringsansvar for hele sokkelen.
Organisering av politidistriktet
1. januar 2016 blei Rogaland og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt slått saman til Sør-Vest politidistrikt.
Organiseringa av det nye politidistriktet var på plass i 2017. Politimeisteren har tre lederstøttestabar (HR og HMS, virksomhetsstyring og kommunikasjon). I tillegg er organisasjonen fordelt på fem geografiske driftseiningar og seks funksjonelle driftseiningar.
Politidistriktet har 16 politistasjonar.
Leiinga
Hans Vik var politimeister i Rogaland politidistrikt og har same rolle i Sør-Vest politidistrikt. Vik kom frå stillinga som visepolitimester og driftseiningsleiar for felles operativ eining. Tidlegare har Vik hatt fleire vikariat som både visepolitimeister og leiar for felles påtaleeining dei seinare åra. Han har også hatt fleire stillingar som polititenestemann og politijurist i Rogaland politidistrikt og tidlegare Stavanger politidistrikt. Han var i 2007 konstituert statsadvokat. Vik har også erfaring frå Forsvaret, Oslo politidistrikt og KRIPOS.
Gøril Våland blei visepolitimeister i Rogaland politidistrikt etter å ha vore seksjonsleiar i Stavanger ved felles påtaleeining fra 2007. Før dette arbeida ho som politiadvokat i Rogaland politidistrikt fra 2001. Tidligare bakgrunn er frå skatteetaten. Våland blei utnemnd til visepolitimeister i Sør-Vest politidistrikt i januar 2017.
Stabseiningar
- Leiar stab virksomhetsstyring: Jarle Dyre Øversveen
- Leiar stab HR og HMS: Modolf Haraldseid
- Leiar stab kommunikasjon: Atle Andersen
Funksjonelle driftseiningar
- Politiets Sikkerhetstjeneste: Stig Ledaal
- Felles eining for operativ teneste: Steffen Thesen
- Felles eining for etterretning og etterforskning: Thor Magne Løge
- Felles eining for kriminalitetsforebygging: Grete Winge
- Felles eining for utlending og forvaltning: Mina Kristin Rød
- Felles eining for påtale: Kristin Nord-Varhaug
- Felles eining for sivile rettspleie: Øyvind Time
Geografiske driftseiningar
- Stord: Marit Ellingsen (fung.)
- Haugesund og Karmøy: Edgar Mannes
- Sauda-Suldal og Etne-Vindafjord: Jarle Grindheim
- Stavanger og Ryfylke: Odd Tveit Jørgensen
- Jæren, Sandnes og Dalane: Siri Fisketjøn Indrebø