This page is not available in your selected language.
Arbeidslivskriminalitet
- Nynorsk
- Bokmål
Kriminalitet i arbeidslivet er handlingar som bryt med norske lover om løns- og arbeidsforhold, trygder, skattar og avgifter. Arbeidstakarar kan bli utnytta, og kriminaliteten kan skade samfunnet.
Handlingane kan òg gi lovbrytarane fordelar i konkurransen med andre verksemder.
Arbeidslivskriminaliteten har dei seinare åra blitt meir målretta og organisert. Metodane til lovbrytarane varierer. Nokre lovbrot er vanskelege å oppdage. Døme på denne typen kriminalitet er:
- svart arbeid – å ikkje betale skatt
- sosial dumping – når arbeidstakarar har dårlege vilkår for arbeid og løn
- tvangsarbeid
- menneskehandel
- å unndra skatt – å gi feil opplysningar til myndigheitene slik at ein betaler mindre skatt
- kvitvasking – å setje pengar inn i lovleg verksemd som ein har tent ved å bryte lova
Følgjer du lova, gir det fleire fordelar
- Du har rett til å klage på arbeid som er dårleg utført.
- Du slepp ekstra kostnader.
- Arbeidet blir ikkje så ofte forseinka.
- Når det skjer ei skade, slepp du som medarbeidar å erstatte skaden. Du slepp òg å ta ansvaret som ein arbeidsgivar har.
Når du vel svarte tenester, risikerer du
- å bli meld for å ha hjelpt til med å unndra skattar og avgifter
- å bli dømd for å ha delteke i svart arbeid
Dei vanlegaste formene er svart arbeid og sosial dumping.
Konkursryttarar
Ein metode går ut på at nokon melder seg konkurs eller let seg bli kravd konkurs av den dei skuldar pengar. Dette skjer ofte når det kjem pengekrav eller reaksjonar frå myndigheitene. Deretter tømmer personen verksemda for verdiar. Vedkomande flyttar deretter produksjonsmiddel og tilsette til ei ny verksemd og held fram arbeidet. Slik slepp personen unna pengekrava. Kreditorane blir dermed svindla.
Tilpassar seg kontrollar
Kriminelle verksemder tilpassar seg kontrollar frå myndigheitene. Dei verkar i tillegg meir seriøse enn tidlegare.
Unngår ansvar
Det blir vanlegare for arbeidsgivarar å lure seg unna ansvar. Dette skjer ofte slik: Ein arbeidsgivar startar eit enkeltpersonføretak. Arbeidstakarar blir førte opp som «underleverandørar» òg i tilfelle der dei faktisk er tilsette.
Kriminelle byter bransje
Kriminelle nettverk og bakmenn driv i fleire bransjar samtidig. Dei kan òg flytte på seg over tid. Til dømes har politiet avslørt kriminelle frå byggjebransjen som har flytta seg til omsorgsbransjen.
Arbeidstakarar som ikkje finst
Kriminelle verksemder diktar opp arbeidstakarar for å gi personar rett til støtte frå NAV.
Uklare forhold med utanlandske verksemder
Utanlandske verksemder kan skape problem når løn blir utbetalt i utlandet. Det kan òg vere uklart kva land verksemda skattar til. I tillegg kjem problem med språk. Verksemdene kan òg mangle dokumentasjon i Noreg.
- Vel seriøse verksemder. Gjer ein grundig sjekk av bakgrunnen til dei som skal jobbe hos deg.
- Ikkje betal kontant. Det gjer det lettare for useriøse verksemder å jobbe svart. Du har krav på å betale via ein bank. Då står du sterkare om du vil klage eller reklamere på ei vare.
- Unngå dørsal.
- Er verksemda ført opp i Brønnøysundregisteret og Meirverdiavgiftsregisteret? Du kan likevel ikkje vere sikker på at verksemda er seriøs. Les firmasjekken og huskelista på www.handlehvitt.no.
- Sjekk at du får gyldig faktura. Kontroller fakturaen.
- Skriv alltid kontrakt med handverkarar. Kontrakten bør forklare kva arbeidet går ut på. Ho bør òg forklare kva du ønskjer av arbeidet. Les meir om kjøp av handverkartenester hos Forbrukarrådet.
- Kriminelle aktørar kan vere dyktige seljarar. Dette er til dømes tilfelle i byggjebransjen. Dei klarer ofte å få kontraktar ved å utnytte tilliten dei har bygd opp hos kunden. Hald dykk til at papir må vere i orden før byggjestart.
- Tilbyr aktøren seg å gjere jobben heilt eller delvis «svart»? Ikkje bruk vedkomande.
- Sjekk om verksemda har sentral godkjenning. Verksemder med slik godkjenning kan dokumentere at dei er seriøse. Be om å få kontakt med personen godkjenninga er registrert på, for å sjå dokumentet. Nokre kriminelle «låner» sentral godkjenning.
- Sjekk at kontonummeret du betaler inn til, stemmer med det kontonummeret som er registrert på verksemda.
- Spør om å få sjå arbeidstakarane sine HMS-kort. Korta skal vise kven arbeidstakarane er. Dei skal òg vise kva verksemd arbeidstakarane jobbar for.
- Sjekk om det er verksemda du har gjort ein avtale med, som faktisk utfører arbeidet. Brukar verksemda du har gjort avtale med underleverandørar til å utføre heile eller delar av jobben? Gjer i så fall ei eiga vurdering av desse.
- Spør om referansar frå tidlegare prosjekt.
- Spør deg fram via vener og kjende. Sjekk til dømes nettsider for vurderingar/referansar, eller ring tidlegare kundar og spør dei om verksemda har gjort ein god jobb.
Rettleiar i førebygging av kriminalitet i varebilbransjen
- Rettleiaren rettar seg mot oppdragsgivarar som bestiller transportoppdrag, og hovudleverandørar i varebilbransjen.
- I rettleiaren får du kunnskap om risikofaktorar, samt råd om kva som kan bidra til å førebyggje kriminalitet. Han inneheld òg ei praktisk sjekkliste.
Ta gjerne kontakt med næringslivskontaktane i politiet for råd og rettleiing.
Politiet si innsats mot arbeidslivskriminalitet har blitt meir målretta og organisert. Politiet arbeider på tvers av etatane.
Etatane deler kunnskap om arbeidslivskriminalitet seg imellom. Med eit felles bilete av korleis dei kriminelle går fram, kan etatane samarbeide effektivt mot useriøse og kriminelle aktørar.
Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES) styrker kampen mot økonomisk kriminalitet. Arbeidslivskriminalitet høyrer inn under dette. Senteret er eit samarbeid mellom politiet, Skatteetaten, Tolletaten, NAV og Arbeidstilsynet.
Det er oppretta A-krimsenter med folk frå Arbeidstilsynet, NAV, politiet og skattemyndigheitene. A-krimsenteret skal rette innsatsen mot bransjar der ein veit at kriminaliteten er høg. Dette gjeld til dømes bransjar innan byggjeverksemd, servering, reinhald og bilpleie.
- Tips politiet eller ring 02800 ved mistanke om useriøse firma i ditt nærmiljø.
- Tips Arbeidstilsynet om kritikkverdige forhold.
- Tips Skatteetaten om unndraging av skattar og avgifter.
- Tips NAV om trygdesvindel og misbruk av velferdsordningar.