This page is not available in your selected language.
Økonomisk kriminalitet
Økonomisk kriminalitet er lovbrot der motivet er pengar. Slik kriminalitet skjer ofte i verksemder som er lovlege, eller som gir inntrykk av å vere lovlege.
Økonomisk kriminalitet utgjer ein liten del av alle registrerte lovbrot. Men mørketala kan vere store. Denne typen kriminalitet kan derfor vere ein alvorleg trussel mot både enkeltpersonar og næringslivet. Like alvorleg er kanskje korleis økonomisk kriminalitet kan true viktige grunnsteinar i samfunnet. For eksempel velferdsstaten og demokratiet.
Her er nokre eksempel på økonomisk kriminalitet:
- bedrageri
- kvitvasking
- konkurskriminalitet
- korrupsjon
- rekneskapskriminalitet
- skattekriminalitet
- verdipapirkriminalitet
Økokrim har det nasjonale ansvaret for denne typen kriminalitet. Du finn meir informasjon på okokrim.no. Det er likevel lokalt politi som skal etterforske og løyse dei fleste sakene.
Finn næraste politi
Vel stad for å sjå kontaktinformasjon og opningstider