This page is not available in your selected language.
Organisert kriminalitet
- Nynorsk
- Bokmål
Organisert kriminalitet blir utført av organiserte kriminelle grupper og nettverk. Organisert kriminalitet kan vere usynleg i kvardagen, men kan samstundes påverke og endre samfunnsstrukturane.
Narkotikakriminalitet, korrupsjon, svart arbeid, skatteunndragingar, alvorlege valdsepisodar og menneskehandel kan alle vere ein del av verksemda til organiserte kriminelle miljø.
Politiet ser at det ofte er eit tett samarbeid mellom norske kriminelle miljø og miljø i utlandet, også utanfor Norden og Europa.
Kva er kriminelle nettverk og kva seier lova?
Kriminaliteten har endra seg dei siste ti åra. Situasjonen er no meir samansett. Talet på melde lovbrot og kor utsett publikum er for kriminalitet, tyder på at kriminaliteten har minka. Samstundes blir nokre alvorlege former for kriminalitet vanlegare.
Organisert kriminalitet skjer ofte både på tvers av politidistrikt og landegrenser. Handel og samarbeid mellom landa gjer avstandane kortare. Til dømes har Schengen-samarbeidet opna grensene. Dette gjer det enklare å reise og å transportere varer. Det gjeld også for kriminelle.
Teknologi gjer både tradisjonelle og nyare former for kriminalitet mogleg. Til dømes kan forum på nett normalisere og forsvare åtferda til kriminelle. Dette gjeld seksuelle overgrep mot barn. Det kan også handle om vald og skadeverk. Det kan vere vanskeleg for politiet å finne elektroniske spor vi kan bruke. Det er fordi informasjonen kan vere kryptert eller anonym.
Erfaringar frå Noreg og Europa viser at samarbeid mellom kriminelle sjeldan skjer i faste organisasjonar. Oftast er det snakk om laust samansette nettverk av kriminelle aktørar. Desse nettverka kan samarbeide på tvers av nasjonalitet, etnisitet og kultur.
Nettverka har ofte store ressursar. Dei tilpassar seg raskt utviklinga i samfunnet. Dette kan til dømes vere nye lover og tiltak frå styresmaktene. Nettverka bruker ofte lovlege verksemder. Dei har høg teknisk kompetanse. I tillegg opererer dei over store geografiske område.
Fleire nettverk i Noreg er multikriminelle. Det vil seie at dei gjer fleire typar lovbrot. Nettverka kan vere svært valdelege. Dette er fordi organiserte miljø i Noreg veks. I dei seinare åra har politiet også sett nettverk som heilt eller delvis held til i utlandet.
Ei organisert kriminell gruppe er «..et samarbeid mellom tre eller flere personer som har som hovedformål å begå en handling som kan straffes med fengsel i minst 3 år, eller som går ut på at en ikke ubetydelig del av aktivitetene består i å begå slike handlinger»
Er det snakk om eit samarbeid? Politiet vil blant anna vurdere korleis gruppa er bygd opp. Kor lenge ting har gått føre seg, vil også spele inn. Tilfeldig kriminalitet som er utført av tre eller fleire personar, blir ikkje ramma.
- Straffelova (2005) § 79 c) kan bli brukt saman med kvart straffebod. Det kan føre til ei dobling av strafferamma. Strafferamma kan ikkje bli forlenga med meir enn 6 år.
- Politiet kan også i større grad bruke tvangsmiddel etter straffeprosesslova (1981) fjerde del.
I straffelova står det at organisert kriminalitet kan føre til lengre straff. Då må den straffbare handlinga vere «..utøvet som ledd i aktivitetene til en organisert kriminell gruppe».
- Tillegget i straffa går på korleis den kriminelle gruppa organiserer seg. Det gjeld ikkje korleis gruppa organiserer kriminaliteten som blir utført.
- Utøvarane av den straffbare handlinga treng ikkje vere «profesjonelle kriminelle». Den straffbare handlinga må ha med aktivitetane til gruppa å gjere.
Vil du lese meir om dette?
Her kan du lese om arbeidslivskriminalitet, økonomisk kriminalitet og menneskehandel.