Rettleiar for mottak av straffesaksdokument i Altinn for verksemder

I rettleiaren går vi gjennom, steg for steg, kva du som tilsett i ei verksemd skal gjere i Altinn, når du har tilgang og kan opne meldingar, når du skal gi tilgang og be om tilgang.

Alle eksempla i rettleiaren er fiktive verksemder med fiktive namn, men funksjonaliteten er den same.

For å sende straffesaksdokument digitalt til verksemder brukar politiet systemet BL Straffesaksforsendelse. Dette blir brukt som verktøystøtte for å produsere samanstillingar av straffesaksdokument til ei samla PDF-fil som kan sendast via Altinn, med eventuelle vedlegg, til domstolar, forsvararar, bistandsadvokatar og andre aktuelle aktørar.