Klage på, eller melde tilsette i politiet
- Norsk
- English
Viss du meiner at politiet har gjort feil kan du klage på politiet. Du kan også klage på etterforskinga som er gjort. I tillegg kan du melde ein tilsett.
Slik klagar du på korleis politiet har oppført seg
Meiner du at politiet har gjort ein feil utan å bryte lova, kan du klage på det. Ein klage på politiet vil ikkje ha innverknad på om du har andre pågåande saker, som straffesak, sak hos namsmannen eller sak i forvaltinga.
Slik klagar du
- Send skriftleg klage til politidistriktet der feilen skjedde.
- Politimeisteren i politidistriktet avgjer klagesaka, og sender deg eit svar. Det skal stå i svaret om politimeisteren er einig eller ikkje einig i at politiet har gjort noko feil.
Det skal ikkje ta meir enn ein månad å behandle saka. Viss det tek lengre tid, skal du få beskjed om det.
- Hvis du ikkje er einig i politimeisteren sin avgjerd, kan du sende klagen tilbake til politidistriktet.
- Politidistriktet førebur klagesaka, tek stilling til eventuelle nye opplysningar og sender saka til Politidirektoratet for klagehandsaming.
Her finn du kontaktinformasjon til politidistrikta.
Slik melder du tilsette i politiet eller påtalemyndigheita
Meiner du at tilsette i politiet eller påtalemyndigheita har brote lova i tenesta, kan du melde forholdet til Spesialeininga for politisaker. Påtalemyndigheita betyr politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten.
Slik klagar du på etterforskinga av straffesaker
Meiner du at politiet har gjort ein feil i etterforskinga av ein straffesak? Då kan du klage på det. Du kan sende ein skriftleg klage til politidistriktet som har etterforska saken. Ver merksam på at i nokre av avgjerdene sett ein frist for å klage.
Har du spørsmål om klage på etterforsking av straffesaker, kan du kontakte politiet der du bur.
Finn næraste politi
Vel stad for å sjå kontaktinformasjon og opningstider