Varsla streikeuttak vil gje konsekvensar for pass- og id-kortkundar
Unio har varsla opptrapping av streiken i Vest politidistrikt frå måndag 3. juni. For pass- og id-kort-kundar vil dette kunne gje direkte konsekvensar.
Kapasiteten på pass- og id-kortkontoret i Fyllingsdalen blir redusert med om lag 70 prosent og timeavtalar vil bli kansellert i tilsvarande omfang.
Dei som har time på passbussen vil òg bli råka. I kommande uke var det planlagt oppmøte i Suldal og Sauda.
Kundar vil bli varsla via sms dersom deira avtale blir kansellert og må bestille ny time på nett.
Kundar som ikkje får melding skal møte opp til avtalt tid.