Frå venstre: Jon Tommy Flo, innsatsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt og Tony André Gjerde, tenesteleiar for politiet i Sykkylven og Stranda.
Frå venstre: Jon Tommy Flo, innsatsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt og Tony André Gjerde, tenesteleiar for politiet i Sykkylven og Stranda.

Om du møter opp på beredskapssenteret vil du sjå ein plakat som heng på døra med eit nummer som du kan ringe, og den som er på vakt vil sleppe deg inn.

– Du kan ta kontakt om du har spørsmål, tips, vil melde frå om noko eller har andre førespurnader, seier Tony André Gjerde, tenestestadsleiar for politiet i Sykkylven og Stranda.

Geiranger har mange tusen turistar på besøk i sommarmånadane.

– Det er stor aktivitet i bygda på land og til sjøs om sommaren, og difor er det viktig at vi er synlege og tilgjengelege for fastbuande og besøkande både ute på patrulje og på beredskapssenteret, seier Gjerde.