Inviterer til markering av ny politistasjon i Aure
Torsdag 24. oktober kl. 11.30 inviterer Aure politistasjon til markering av den nye stasjonen.
Den nye politistasjonen er universelt utforma med nye og moderne fasilitetar. Dei åtte tilsette ved politistasjonen har fått nye avhøyrsrom, nytt garasjeanlegg, gode garderobeforhald og eit større møterom, for å nemne noko.
– Tidlegare hadde vi ein plass å vere. No har vi fått oss ein skikkeleg politistasjon som ivaretar våre behov på jobb, seier Arnfinn Fuglevåg, politistasjonssjef ved Aure politistasjon.
Under markeringa møter ordførar og kommunedirektør i Aure kommune, i tillegg til PFT, Hitrabygg og resten av prosjektgruppa. Politistasjonen opna dørene for publikum allereie måndag 14. oktober på den nye adressa i Aurdalsvegen 5. Det blir også kake og omvising i dei nye lokala denne torsdagen.
– Vi har inngått ein lang leigekontrakt, og det vil vere tryggande for innbyggjarane i Aure kommune å vite at politistasjonen vil vere ein del av nærmiljøet i lang tid framover, seier Fuglevåg.