Siktinga for grov kroppsskade mot bror til den sikta oppretthaldast. Noverande fengslingsperiode går ut 21. november. Den sikta og hans forsvarar har samtykka til vidare varetekt i åtte veker. Fengslingsspørsmålet blir behandla av retten gjennom kontorforretning utan partane til stades.

Etterforskinga held fram og er førespegla å vere ferdig over nyåret. Det som er avdekka så langt har styrka mistanken mot den sikta. Både sikta og fornærma er avhøyrt, og det er per no ikkje planlagt fleire avhøyr av desse. På grunn av tilstanden til den sikta har det ikkje latt seg gjere å få hans formelle stilling til skuldspørsmålet, men han har forklart seg om hendingsforlaupet og bekreftar si rolle i hendinga.

     Vi har god kontroll over hendingsforlaupet og kan stadfeste at det er utøvd vald mellom anna ved bruk av ei lampe. Førebels obduksjonsrapport viser at avdøde omkom som følgje av skade til hovudet. Av omsyn til den pågåande etterforskinga vil vi ikkje gå i ytterlegare detalj rundt kva etterforskingsskritta har avdekka, eller kva dei involverte har uttalt i avhøyr, seier påtaleansvarleg Lena Katrin Romestrand.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no