Politiet har etterforska fleire brannar på Sulafjellet, og jobbar ut ifrå ei hypotese om at det er ein samanheng mellom desse. Samstundes er etterforskinga i ei innleiande fase og politiet held alle moglegheiter opne.

     Brannetterforsking er generelt utfordrande, særleg når skadane er store, men vêrforholda er gunstige og vi har set store ressursar på saka. Vi vil fortsette med søk med hund og drone, krimtekniske undersøkingar, vitneavhøyr og andre tekniske og taktiske etterforskingsskritt utover dagen, seier påtaleansvarleg Sander Brink.

 

Ber om tips

Det er viktig at alle som har tips eller observasjonar som kan ha betydning for etterforskinga melder dette inn til politiet så fort som mogleg: https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet/.

Har du gjort konkrete observasjonar ber vi om at desse blir ringt inn på telefonnummer: 404 45 900.

Sjekk videoopptak

Vi ber også om at dei som har køyretøy eller anna med videoopptak frå relevante tidsrom og område rundt Sulafjellet om å sjekke desse og ta kontakt med politiet sitt tipsmottak ved funn som kan ha relevans for saka.

 

Påtaleansvarleg Sander Brink kan siterast.

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no