Innsyn i Schengen informasjonssystem
- Norsk
- English
Schengen informasjonssystem (SIS) er eit sentralt elektronisk system for informasjon og etterlysing. Det blir brukt til å etterlyse og utveksle informasjon om personar og ting over heile Schengen-området.
Denne informasjonen kan bli registrert i SIS
- Personar som er etterlyste for å bli arresterte og utleverte.
- Personar som av andre grunnar er etterlyst av justismyndigheitene.
- Personar som ikkje har rett til å reise inn i eller vere i Schengen-området.
- Personar som er meldt sakna.
- Stolne eller tapte ting som køyretøy, kjennemerke eller ID-dokument.
Innsyn i SIS
Viss du er registrert i SIS, har du rett til å vite kva for opplysingar om deg sjølv som er registrerte. Du kan be om innsyn i det som er registrert om deg eller ting du eig.
Unntak frå retten til innsyn
Du kan ikkje få innsyn i opplysingar viss det kan vere til skade for tiltaket det er bedd om. Du kan heller ikkje få innsyn viss vernet av andre personar tilseier det. Du får heller ikkje innsyn i registeret i det tidsrommet det er bedd om observasjon.
Slik får du innsyn
Du kan få innsyn i opplysingar om deg sjølv. Du kan også få innsyn i opplysingar om ting du eig. Krav om innsyn i SIS blir avgjorde av den behandlingsansvarlege.
Ønsker du innsyn, må du fylle ut skjemaet:
Skjema for innsyn kan sendes til Kripos som sender vidare til rett behandlingsansvarleg.
Kripos
Postboks 2094 Vika
0125 Oslo
Du kan også sende skjemaet til den myndigheita som avgjorde at opplysingane skulle bli registrert. Du må legge ved kopi av eit offentleg identitetsdokument med bilete. Dette kan vere pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort.
Er du utanlandsk statsborgar? Då må du legge ved kopi av utanlandsk offentleg ID-kort. Det vil seie pass eller anna dokument som er godkjent.
Du får svar på kravet om innsyn snarast. Det skal maksimalt ta 30 dagar etter at søknaden din har kome fram.
Kva gjer du viss det er registrert feil data?
Du kan krevje at uriktige eller ufullstendige opplysingar om deg sjølv blir retta. Du kan også få sletta opplysingar som er feil. Det same gjeld opplysingar det ikkje er lov å registrere. Du kan også sende inn krav om retting og sletting viss det er du som eig den registrerte tingen.
For at søknaden om retting og sletting av uriktige opplysingar skal kunne bli behandla, må du tidlegare ha fått innsyn i, eller melding om, den registreringa som kravet gjeld. Du må forklare kvifor du søker om å få noko retta eller sletta. Du kan anten sende søknaden til Kripos eller til den myndigheita som avgjorde at opplysingane skulle bli registrert.
Erstatning
Har det skjedd ei skade på grunn av at opplysingane er registrerte? Då kan du ha krav på erstatning. Viss opplysingane er brukt i strid med reglane for behandling av opplysingar i SIS, kan du også ha krav på erstatning. Ønsker du å krevje erstatning, må du gjere det seinast eitt år etter at du fekk vite kva som var registrert.
Krav om erstatning behandles av den behandlingsansvarlege. Du kan sende søknaden om erstatning til Kripos som sender vidare til rett behandlingsansvarleg. Du kan også sende den til myndigheita som avgjorde at opplysingane skulle bli registrert.
Avgjersler om erstatning som knyttar seg til behandling av opplysningar etter politisamarbeidsforordninga kan du klage på til Politidirektoratet. Avgjersler om erstatning som knyttar seg til behandling av opplysningar etter grensekontrollforordninga artikkel 24 og returforordninga kan du klage på til Justis- og beredskapsdepartementet.
Avgjerda kan sendes Datatilsynet for kontroll
Viss du har fått nei til innsyn i opplysingar om deg sjølv eller noko du eig, eller du har fått nei til retting, sletting eller erstatning, kan du be Datatilsynet om å kontrollere avgjerda.
Datatilsynet kontrollerer korleis opplysningane blir behandla.
Datatilsynet skal kontrollere at SIS-lova og forskrifter som er gitt i tråd med lova, blir følgde. Dei skal også kontrollere at feil eller manglar blir retta.
Datatilsynet kan hjelpe deg viss du vil at nokon skal kontrollere at opplysingane om deg i SIS er riktige, og at dei er registrert og brukt lovleg.
Datatilsynet kan også rettleie deg når det gjeld krav om innsyn, retting, sletting, erstatning og klage i SIS.
Rettsmidler
Viss rettigheta dine har blitt krenkte som følgje av behandlinga av opplysningane om deg i SIS kan du bringe avgjerda inn for domstolane, uavhengig av moglegheita om å be Datatilsynet kontrollere avgjerda.
Vil du ha informasjon om korleis du kan søke om innsyn i SIS i eit anna land som er ein del av ordninga, kan du sjå EU's Guide for exercising the right of access.