Elektronisk faktura og fakturaadresse

Politiet krev elektronisk faktura og kreditnota i såkalla Elektronisk handelsformat (EHF) frå dei som leverer varer og tenester til oss. For meir informasjon om elektronisk faktura, sjå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) si nettside.

Har ikkje verksemda di eit system for å generere faktura? Eller kan du ikkje sende faktura gjennom EHF? Då kan du bruke ein nettbasert fakturaportal. Les meir om fakturasystem som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF).

Du kan også sende faktura i posten til fakturamottaket vårt:

Namn på politidistriktet/eininga
Fakturamottak DFØ
Postboks 4722 Torgarden
7468 Trondheim

Slik merker du fakturaen

Vi ønsker å behandle fakturaer effektivt og betale dei innan fristen. Det er derfor svært viktig at du merker fakturaene riktig.

  • Du må merke alle fakturaer med ein BID-referanse. Politiet sitt referansenummer består av tre bokstavar og tre tal, for eksempel TSA065. Har du ikkje fått denne referansen? Då må du be om dette før du sender faktura.
  • For elektronisk faktura skal BID leggjast i feltet: Invoice/buyerReference. 
  • For kontraktsfesta avtaler må fakturaer i tillegg merkast med kontraktsreferanse (avtalenummer) i feltet: InvoiceDocumentReference.
  • Politiet ber om ei kredittid på 30 dagar. Det må til for at vi skal kunne betale fakturaen innan fristen. For sein betaling kan også skje viss det manglar noko i fakturaen.

  • Faktura for varer frå utlandet skal alltid merkast med eit eige nummer berre for avgift og fortollingsformål: 915 429 785.
    Dette nummeret skal ein oppgje i tillegg til eininga sitt eige nummer, som du finn lenger nede på sida.

Meir informasjon om fakturering

Skal du sende ein kreditnota til oss? Då ber vi om at du viser til det fakturanummeret som kreditnotaen høyrer til.

Ring oss på telefonnummer 61 31 80 80 eller send ein e-post til regnskap.pft@politiet.no

Manglar du referanse til fakturaen? Då må du ta kontakt med det aktuelle politidistriktet eller særorganet.

Politiet ynskjer berre opplysningar som er naudsynt for føremålet på fakturaen. Unngå bruk av namn og personnummer. Vis til straffesaksnummer der dette er oppgitt. Om straffesaksnummer ikkje er tilgjengeleg, kan initialar og fødselsdato til den aktuelle personen påførast faktura.

Oversikt over organisasjonsnummer i politiet

  1. Agder politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 998 275
  2. Finnmark politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    984 000 049
  3. Grensekommissariatet

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    971 579 196
  4. Innlandet politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 997 953
  5. Kripos

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 760 827
  6. Møre og Romsdal politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Pb.4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 764 113
  7. Nasjonalt ID-senter

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    996 879 828
  8. Nordland politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 999 999
  9. Oslo politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    961 398 142
  10. Politidirektoratet

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    982 531 950
  11. Politiets fellestjenester

    Fakturaadresse
    Politiets fellestjenester, DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 761 157
  12. Politiets IT-enhet

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    912 814 076
  13. Politiets utlendingsenhet

    Fakturaadresse
    Politiets utlendingsenhet, DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    986 210 504
  14. Politihøgskolen

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 761 017
  15. Sysselmesteren på Svalbard

    Fakturaadresse
    Fakturamottak DFØ, postboks 4746, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    971 456 523
  16. Sør-Vest politidistrikt

    Fakturaadresse
    Sør-Vest politidistrikt, DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 998 313
  17. Sør-Øst politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 998 178
  18. Troms politidistrikt

    Fakturaadresse
    Troms politidistrikt, DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 769 425
  19. Trøndelag politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 998 631
  20. Utrykningspolitiet

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 760 894
  21. Vest politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    983 998 461
  22. Økokrim

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    874 761 532
  23. Øst politidistrikt

    Fakturaadresse
    DFØ Fakturamottak, Postboks 4722 Torgarden, 7468 Trondheim
    Organisasjonsnummer
    974 760 584