Rolla til Politidirektoratet
Politidirektoratet er den øvste leiinga i politiet. Det er eit forvaltingsorgan som ligg under Justis- og beredskapsdepartementet.
Politidirektoratet si rolle er å
- gjennomføre regjeringa sin politikk gjennom tildelingar og oppdrag
- forvalte regelverk og tilskot
- vere fagleg rådgivar overfor Justisdepartementet, politietaten og lensmannsetaten, andre offentlege organ, samarbeidspartnarar og publikum
- leie, styre, organisere og utvikle politietaten og lensmannsetaten
Direktoratet leier utviklingsarbeidet i etaten. Det har ansvar for både styring og kompetanse. Politidirektoratet hjelper aktivt til med å
- analysere kriminalitet
- samordne ressursar
- utvikle metodar, leiing og kompetanse
Dette gir kvalifisert hjelp og støtte til politidistrikta, særorgana, Justis- og beredskapsdepartementet og andre samarbeidspartnarar. Denne støtta er viktig for eit framleis desentralisert politi.