Personvern og informasjonskapslar
- Norsk
- English
Når du går til politiet.no, samlar vi opplysingar om korleis du bruker nettstaden. Vi bruker opplysingane til å gjere innhaldet betre. Vi knyter ikkje opplysingane til deg som enkeltperson.
- Kva er personopplysingar?
- Kven handterer personopplysingane?
- Kva for rettar har du?
- Kva for informasjon samlar vi inn?
- Kva bruker vi informasjonen til?
- Du samtykker til bruk av informasjonskapslar (cookies)
- Kva skjer når du sender e-post?
- Kva for tenester bruker politiet?
Kva er personopplysningar?
Personopplysingar er opplysingar og vurderingar som kan bli knytte til ein enkeltperson. Det kan for eksempel vere namn, bustad, telefonnummer, e-postadresse eller IP-adresse. Opplysingar om korleis du bruker politiet.no, er også personopplysingar. Det er fordi opplysingane kan bli spora tilbake til deg som enkeltperson.
Kven handterer personopplysingane?
Politidirektoratet har ansvaret for å behandle personopplysingane som blir samla inn når du bruker politiet.no. Vi skal handtere personopplysingane i tråd med personopplysingslova.
Her finn du kontaktinformasjon til Politidirektoratet.
Kva for rettar har du?
Alle har krav på grunnleggande informasjon om korleis personopplysingar blir handtert i ei verksemd. Sjå § 18 første ledd i personopplysingslova (lovdata.no). Les meir i personvernerklæringa til politiet.no. Her finn du meir om innsyn og postjournal.
Politiet.no lenkar til andre tenester, for eksempel timebestilling for pass. Timebestilling for pass har eiga personvernerklæring.
Kva for informasjon samlar vi inn?
Vi samlar inn opplysningar du sjølv skriv inn
- når du sender eit tips eller ei melding via politiet.no
- når du legg inn informasjon i eit skjema på politiet.no
- når du gir oss tilbakemeldingar gjennom tenesta «Fann du det du leitte etter?» eller andre undersøkingar om nettstaden.
Vi samlar inn opplysningar om korleis du bruker politiet.no
- Vi registrerer kva for eining du bruker, for eksempel berbar pc, nettbrett eller mobil.
- Vi registrerer IP-adressa di, nettverksoperatøren din og kva for nettlesar du bruker.
- Vi registrerer kva for sider du er inne på. Vi bruker verktøyet Matomo til å hente inn IP-adressa til eininga di. Vi anonymiserer IP-adressa før ho blir lagra av Matomo. På denne måten kan ikkje Matomo eller politiet identifisere deg som enkeltbrukar.
- Vi registrerer det du søker etter. Politiet.no bruker Episerver Find som søkemotor. Når du søker etter informasjon på politiet.no, blir IP-adressa di og søket ditt sendt til Episerver Find. Det blir også sendt informasjon om søkeresultata du klikkar på.
- Vi registrerer kvar du er. Dette gjer vi ved hjelp av IP-adressa di. Vi kan også lokalisere deg via nettverkssignalet ditt. Det kallar vi geolokalisering. Vi lagrar ikkje denne informasjonen. Vi bruker informasjonen berre til å tilpasse innhaldet på nettsida til deg. Det kan for eksempel vere nyheiter eller informasjon om eit tema. Du kan velje å seie nei til at vi kan bruke posisjonen din. Då kan det vere at innhaldet ikkje blir like godt tilpassa bruken din.
- Vi samlar inn informasjon om kva for politidistrikt og kva for kommune du ønsker informasjon frå. Informasjonen blir lagra i ein informasjonskapsel som igjen blir lagra på eininga di. Dette skjer når du går inn på ei side der innhaldet er tilpassa bruken din. Du kan velje å skru av funksjonen for å lagre informasjonskapslar. Då får du ikkje innhaldet som er tilpassa politidistriktet ditt.
Kva bruker vi informasjonen til?
Vi lagrar ikkje personopplysingar lenger enn nødvendig. Når vi har behandla opplysingane, slettar vi dei.Opplysingar om korleis du bruker tenestene, deler vi ikkje med andre leverandørar til andre formål enn drift av politiet.no. Opplysingane blir ikkje spora til deg som enkeltperson.
Her er dei viktigaste formåla vi nyttar opplysningar til:
- Vi gjer tenesta vår betre.
- Vi tilpassar innhaldet etter kvar du er, og kva for politidistrikt eller kommune du ønsker informasjon frå.
Du samtykker til lagring av informasjonskapslar
Ved å bruke politiet.no samtykker du til at vi lagrar informasjonskapslar lokalt i nettlesaren din. Ein informasjonskapsel er ei fil som blir lagra på harddisken til ein brukar. Deretter får nettlesaren ei lita mengde data frå nettsider som brukaren er innom. På engelsk heiter informasjonskapslar cookies.
Vi bruker for eksempel informasjonskapslar til å lagre kva for politidistrikt du bruker informasjon frå. Det gjer det enklare for oss å gi deg informasjon som er tilpassa staden du er på.
Slik avgrensar du lagring av opplysningar om deg
Du kan avgrense korleis opplysingane dine blir behandla. Politiet.no vil då ikkje vere like tilpassa bruken din.
Du kan reservere deg mot at Matomo skal registrere kva for nettsider du har vore inne på. Det gjer du i nettlesaren din. Du kan også reservere deg mot å bli spora i Episerver Find ved å slå på «Do Not Track»-funksjonen i nettlesaren din.
Dei fleste nettlesarar tillet informasjonskapslar automatisk. Du kan sjølv endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir akseptert. Innstillingane lar deg vanlegvis velje kva for nettstader du tillet informasjonskapslar frå. Dette gjeld også andre leverandørar (tredjepartar) som er knytte til nettsidene. Du kan i tillegg be om å bli varsla kvar gong ein ny informasjonskapsel blir lagra.
Slik slettar du informasjonskapslar i ulike nettlesarar
- innstillingar for informasjonskapslar i Internet Explorer
- innstillingar for informasjonskapslar i Firefox
- innstillingar for informasjonskapslar i Google Chrome
- innstillingar for informasjonskapslar i Safari og iOS
Måten du slettar informasjonskapslar på, varierer med om du bruker mobil, nettbrett eller pc.
Kva skjer når du sender e-post?
Når politiet tek imot meldinga, vert opplysningane behandla. Så vert e-posten sletta.
Kva for tenester bruker politiet.no?
Vi bruker fleire verktøy frå andre leverandørar (tredjepartsverktøy) for å drifte og tilby tenester på politiet.no.
- Vi bruker Matomo for å samle inn data og analysere korleis du bruker nettstaden.
- Episerver Find er søkemotoren vår.
- Vi bruker Geocoder fra OpenCageleverer geolokasjonsdata for å finne adressa du søker etter. Tenesta viser i tilleg kva for kommune du er i, så lenge du tillét å dele posisjonen din.
- Vi bruker Kartverket sine karttenester Søk i adresseregistre og «Hurtigsøk på stedsnavn» for å finne adressa du søkjer etter.
- Vi har kopla Posten sitt register over postnummer saman med tenesta Geocoder for å finne den næraste staden for tenesta du søker etter. Dette kan for eksempel vere det lokale lensmannskontoret eller den næraste politistasjonen.