Krisar og alvorlege hendingar
- Nynorsk
- Bokmål
Enten det gjeld naturkatastrofar, store ulykker eller terrorangrep, kan det vere nyttig å tenkje gjennom korleis du ville ha reagert om du hamna i ein trugande og farleg situasjon. Det kan hjelpe deg til å ta rette val under ei reell hending.
Nødnummer 112
Varsle nødetatane dersom du har moglegheit og dei ikkje allereie er på plass. Ved mistanke om eller funn av mistenkelege gjenstandar eller truslar om terrorhandlingar, må politiet varslast så raskt som mogleg på politiet sitt nødnummer 112.
Ring politiet 02800
For andre førespurnader kan politiet nåast på telefon 02800.
Råd i farlege situasjonar
- Hald deg roleg og kom deg i sikkerheit
- Hjelp til der du kan utan å setje di eiga sikkerheit i fare
- Varsle nødetatane dersom dei ikkje er på plass
- Hald deg orientert og følg råd frå politiet og andre styresmakter
- Bruk mobilen berre til nødvendige samtalar, sidan nettet kan bli overbelasta
Råd og rettleiing
Politiet, brannvesenet og helsetenesta sitt oppdrag er mellom anna å bistå befolkninga når det skjer ulukker eller andre kritiske og uønska hendingar. Difor er det viktig at nødetatane blir varsla raskt dersom ei slik hending oppstår.
I Noreg har vi tre nødnummer:
- 112 – Politiet
- 110 – Brann- og redningsvesenet
- 113 – Medisinsk nødtelefon
Dei tre nødetatane vil samarbeide frå nokon ringer og varslar om ei hending, gjennom innsatsen på staden, og til arbeidet med hendinga er avslutta. Ei trafikkulukke er eit døme på ei slik hending.
Dersom det er behov for at fleire etatar samarbeider om å handtere hendinga, vil sentralen du ringer til, umiddelbart kople inn dei to andre etatane i samtalen. På denne måten vil alle delta i éin samtale og få lik informasjon frå deg, slik at dei kan samarbeide om å sende ut rask og riktig hjelp.
Ein slik samtale blir kalla "trippelvarsling" og er i praksis éin felles telefonsamtale mellom deg og fagpersonar frå dei tre nødetatane.
I samtalen vil du bli stilt spørsmål som:
- Kva har skjedd?
- Kvar har hendinga skjedd?
- Er det nokon som er skada?
- Kan du vente på staden til nødetatane kjem?
Samtidig som du gir informasjon om hendinga, vil operatørane sørgje for at nødvendig hjelp er på veg. I samtalen vil du kunne få rettleiing om kva du sjølv kan gjere inntil nødetatane kjem fram til hendingstaden.
I Noreg blir terrorverksemd rekna som kriminelle handlingar og omfattar mellom anna å setje menneskeliv eller helse i fare, øydelegging av eller alvorleg skade på eigedom, å forstyrre prosessar eller system som opprettheld eit demokratisk styre eller samfunnets økonomiske velferd og funksjon.
- Sikkerheit er eit leiaransvar. Planlegg sikkerheit frå starten av ved alle typar endringar, prosjekt og program, slik som omorganisering, relokalisering eller liknande.
- Gjennomfør ei sikringsrisikoanalyse av verksemda for å kartleggje kva for verdiar som må beskyttast, kva for truslar verksemda kan vere utsett for, og kva for sårbarheiter som kan utnyttast. Forstå verksemda opp mot dei sikringsbehova som føreligg, og beskytt verdiane med tilpassa tiltak.
- Verksemda bør ha ei hensiktsmessig organisering av sikkerheits- og beredskapsarbeidet med ein utpeikt sikkerheitsleiar og eit styringssystem. Dei tilsette skal vere kjende med sikkerheitsinstruksar, sikkerheitsrutinar, evakueringsplanar, og vere merksame på aktuelle truslar.
- Sørg for grunnsikring i normalsituasjonen. Dette er verksemda sitt eige ansvar. Ein kan ikkje forvente forvarsel om terrorhandlingar. Fysisk sikring beskyttar både informasjon, objekt og personell.
- Hald orden i bygg og publikumsområde, og sørg for at dei er godt opplyste. Vurder å avgrense tilkomstpunkt og sørg for at tilsette, besøkande og køyretøy har adgangsteikn. Om mogleg, unngå at køyretøy blir parkerte i eller i nærleiken av bygningen.
- Lag eit beredskapssystem for verksemda med førebudde tiltak som kan setjast i verk ved endringar i trusselbiletet, eller dersom det skjer ei hending. Forbered påbyggingstiltak ved skjerpa trussel, slik som adgangskontroll for tilsette, besøkande, køyretøy, samt post- og varemottak.
- Ingen plan er betre enn sjølve gjennomføringa. Sørg for å gjennomføre øvingar for å teste beredskapsplanar og sikringstiltak. Dette gjeld til dømes mottak av terrortruslar, søkjerutinar og evakuering ved sikkerheitshendingar.
- Vurder korleis verksemda best kan beskytte sensitiv informasjon og kva for informasjonssikkerheitstiltak som er nødvendige. Hugs at det er nær samanheng mellom fysisk sikkerheit og IKT-sikkerheit. Sørg for at verksemda sine viktigaste funksjonar kan gjenopprettast dersom IKT eller eigedom blir utilgjengeleg.
- Søk råd og opplysningar hos politiet og andre styresmakter. Etabler gode rutinar for kontakt mellom verksemda og politi/nødetatar.
Sjå heile rettleiinga:
Terrorsikring - ei rettleiing i sikrings- og beredskapstiltak mot tilsikta uønska handlingar (PDF)